Meir bruk av leppefisk, betre metodar ved bruk av kjemikaliebehandling og gunstige sjøtemperaturar i deler av 2011 er hovudårsaka til at kjemikaliebruken for å bli kvitt parasitten lakselus er redusert i 2011, meiner oppdrettarane sjølve.

2011 er det første året leppefisk er brukt i stor skala. Leppefisken blir sett ut i oppdrettsanlegga for å beite på lakselus som har festa seg på laksen. Ketil Rykhus, koordinator for arbeidet mot lakselus i Fiskeri— og Oppdrettsnæringens Landsforening (FHL), meiner erfaringa er lovande.

— Vi har så god effekt av leppefisk no at det er fleire som fortel meg om utsett (av fisk, red. merk.) som har gått heilt fram til slakting utan bruk av lækjemiddel, seier Rykhus.

Eksplosiv vekst

Då oppdrettarane såg at lakselusa tok til å bli motstandsdyktig mot midla dei brukte for å halde parasitten i sjakk svara dei med å pøse på med kjemikaliar.

Frå 2008 til 2009 auka kjemikaliebruken frå 218 til 5516 kilo, og middel som ikkje var brukt på nesten ti år blei henta fram på nytt. I 2010 auka kjemikaliebruken til 6454 kilo, medan den i fjor enda på 3374 kilo.

To av midla som blei tatt i bruk, diflubenzuron og teflubenzuron, hemmar skalskiftet hos krepsdyr, som lakselusa er. Bruken er svært omstridt og fekk mykje negativ omtale, fordi kjemikala også råkar andre krepsdyr.

I fjor blei bruken av dei to omstridde kjemikala redusert med 75 prosent, ifølgje fersk statistikk frå Folkehelseinstituttet. Den negative omtalen er ein av grunnane til at desse midla blei mindre brukt i fjor, ifølgje Rykhus.

Må kutte meir

Sjølv om oppdrettarane er nøgd med at kjemikaliebruken går ned, ønskjer dei at bruken skal reduserast meir. Midla er fleire:

  • Meir omfattande bruk av leppefisk.
  • Bruk av laser, spyling eller andre metodar for mekanisk avlusing.
  • Tett presenning rundt merdane for å avgrense at luselarvar driv inn.
  • Fôr som er utvikla for å halde lusa vekke frå å slå seg ned på fisken.

Betre kontroll

Folkehelseinstituttet skriv i ei pressemelding at problemet med lakselus som er motstandsdyktig mot kjemikaliar som blir brukt til å halde nede den såg ut til å vere under betre kontroll i 2011 enn i 2009 og 2010 sjølv om bruken av kjemikaliar framleis ligg høgt over det som var vanleg i 2008 og tidlegare.