— Vi har fått opning for å gjenoppta flygingane i Midt-Noreg fram til klokka 14. Det betyr at vi kan skifta ut personell på ei rekkje installasjonar mellom Brønnøysund og Kristiansund, seier pressetalsmann Gisle Johanson i Statoil.

— Vi prøver å få til ei størst mulig utskifting av personell på installasjonane, seier Johanson.

Rundt 60 daglege flygingar på norsk sokkel har vore lamma av oskeskya frå vulkanutbrotet på Island. Desse flygingane tek normalt unna mellom 1500 og 2000 passasjerar for dagen.

Produksjonen går — Produksjonen er ikkje ramma av helikopterstansen. Dei som ikkje kjem seg til land arbeider vidare, basert på tariffavtalar. Dersom situasjonen skulle vara ut over tre veker, må vi ha ei avklaring med Petroleumstilsynet, seier Gisle Johanson.

— Vi har ein beredskap i organisasjonen for alternativ transport dersom dette blir langvarig. Vi ser breitt på fleire alternativ. Elles er det ikkje ein uvanleg situasjon at folk blir sitjande fast på plattformene, i tilfelle med tåke om sommaren, for eksempel. Eit så omfattande tilfelle er derimot uvanleg.

I båt til hospitalet — Kva med båttransport?

— Vi hadde eit tilfelle av ein transport med båt frå ein borerigg i Norskehavet i går. Den tok nesten ni timar til land. Pasienten blei heist i personellkorg ned på supplybåt og blei teken hand om i hospitalet om bord under transporten, som blei følgt av ein førstehjelpar.

— Kan helikopter nyttast i naudstilfelle?

— Avinor har stengt såkalla kontrollert luftrom. Det er mulig i naudstilfelle for piloten å vurdera om sikt og vêrforhold tillet visuell flyging i ukontrollert luftrom, seier Gisle Johansen i Statoil.