Regjeringa har no opna for import av eple— og pæretre. Til no har det vore forboden, for å hindre import av sjukdom.

— For å bidra til auka fruktproduksjon slik landbruks- og matmeldinga legg opp til, meiner vi det er naudsynt å opne for import av plantemateriale av kjernefrukt, seier statssekretær Harald Oscar Buttedahl i Landbruks- og matdepartementet.

Mangel på tre

I næringa er tiltaket omdiskutert.

— Nokre er veldig for og nokre veldig i mot, seier dagleg leiar Tor Tysnes ved Ullensvang Fruktlager.

Blant tilhengjarane er leiar i Ullensvang Hagebrukslag, Sissel J. Opedal.

— Vi har hatt problem med å få tak i nok frukttre. Vi har ein liten plantestasjon, Sagaplant, som lagar "morplantene" til planteskulane. På grunn av diverse uhell og sjukdom har dei ikkje klart å levere dei mengdene det har vore bruk for, seier ho.

— Men er ikkje det forbigåande?

— Jau, men det skal berre eit lite uhell til så er det eit problem, og vi er avhengig av sikker levering, seier ho.

Mykje gamle tre

To av dei største fruktleverandørane frå Hardanger, Ullensvang Fruktlager og Hardanger Fjordfrukt, har rekna ut at Hardanger treng 500.000 nye frukttre dei komande åra.

Ein årsak til det er at det har vore for lite fornying. Eit epletre held i 15–20 år, før det bør bytast ut.

— Circa 30 prosent av epletrea i Hardanger er eldre enn 20 år, og burde vore skifta ut. Det utgjer 844 dekar, og skal det fornyast med moderne planting trengst det 250.000 tre berre for å ta att etterslepet, seier rågjevar Endre Bjotveit i Norsk Fruktrådgiving Hardanger.

I tillegg kjem den fortløpande utskiftinga, og tre som burde vore bøtta ut fordi ein tidlegare planta med større avstand som gjev dårlegare lønsemd.

- Billegare tre

Ein av fruktbøndene i Hardanger som er kritisk til importen av tre er Øystein Pugerud, som òg leiar hagebruksutvalet i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

— Eg tvilar på at det er det store behovet, seier han.

Han meiner fruktbøndene sjølve har mykje av skulda for manglande tre, fordi dei har vore for dårlege til å planleggje. Hovudårsaka til at han er kritisk er likevel frykt for sjukdom.

— Pærebrann er den skumlaste sjukdommen for frukttre. Det finst ikkje noko kjemiske midlar i mot den, så det einaste ein kan gjere er å rydde heile felt, seier han.

Pærebrann finst i Noreg, men ikkje i fruktdistrikta. Pugerud meiner eksportland som Holland er mindre strenge med kontrollen, og at sjukdommen dermed kan bli importert.

Han meiner dei som vil ha import er mest opptekne av pris.

— Det er ein gjeng som ønskjer seg billigare plantemateriell, seier han.

Opedal avviser ikkje at pris er eit motiv, men meiner sikker levering er langt viktigare for fruktbøndene.

Mindre gravenstein

Ei anna side ved importen er at ein knapt får tak i fleire av dei tradisjonelle norske epletypane i utlandet, som gravenstein og aroma.

— Men du får kanskje sommerred eller discovery, seier Tysnes ved Ullensvang Fruktlager.

Epletypar som vi i dag finn i butikkane importert frå sørlegare breiddegrader trur han ikkje er aktuelt for norske fruktdyrkarar.

— Nei, det trur eg ikkje vi har klima til. Vi er i grenseområdet for i heile tatt å dyrke frukt, seier han.

MANGLAR TRE: Mangel på tre frå norske planteskular gjer at regjeringa opnar for import av frukttre. Kritikarane fryktar import av sjukdommen Pærebrann.