— Vi håpar det kan gå seg til. Vi har innspel til korleis dagens stramme opplegg kan løysast opp, seier Bjørn Asle Teige, leiar for YS-organiserte i Statoil.

Striden om ny driftsmodell som følgje av fusjonen med Hydro skapte djupe sår internt i Statoil. Som kjent gjekk første fase av samanslåinga smertefritt, før det skar seg alvorleg mellom fagforeiningane og leiinga i fase to, då ny driftsform på plattformene var tema.

Såra har ifølgje fagforeiningane og forskarar enno ikkje grodd. Men partane har starta arbeidet med forsoning.

— Folk på sokkelen føler at dei med den nye driftsmodellen ikkje får gjort jobben sin skikkeleg. Det er klart demoraliserande, seier Per Martin Labråthen.

— No er det sett ned eit utval for å roa ned situasjonen på plattformene. Det trengst, seier Labråthen.

Helge Lund: - Ikkje demokrati - Det er naivt å tru at ein kunne gå til ein slik stor prosess utan usemje, sa Statoils konsernsjef Helge Lund då resultatet av forskningsprosjektet rundt Hydro-Statoil-fusjonen blei presentert på Norges Handelshøyskole torsdag.

— Vi hadde hundrevis av møte. Leiinga måtte ta avgjerder for å koma vidare. Eg har sterk tru på den nordiske samarbeidsmodellen, men eit selskap er ikkje eit demokrati. Leiarane må ta avgjerder, sa Helge Lund.

— Det trengst mekanismar som løftar ut konfliktane og behandlar dei for seg, er Fafo-forskar Eivind Falkum sitt råd til statsoljeselskapet.

Falkum er med i forskargruppa som har følgt Hydro-Statoil-fusjonen i tre år.

— Hovudgrunnen til den store suksessen i første fase var at fagforeiningane fann saman som ein, sa Falkum, og oppfordra til tilsvarande samhald for å koma ut av usemja som oppstod i fase to.

— Når leiinga og fagforeiningane er ueinige, er det til ulempe for alle, sa Falkum då forskarane presenterte sine funn på Norges Handelshøyskole torsdag.

Djupe sår PÅ NHH sat Bjørn Asle Teige i YS/Safe og Per Martin Labråthen, nestleiar i Industri Energi-foreininga i Statoil og høyrde Helge Lund fortelja korleis Statoil og Hydros olje- og gassdivisjon har gjennomgått ei vellukka samanslåing.

Teige og Labråthen representerer dei to sterkt rivaliserande fagforbunda Industri Energi og Safe. Dei meiner begge at Statoil/Hydro-leiinga oppførte seg så arrogant i andre del av fusjonsprosessen at det framleis forsurar arbeidsmiljøet offshore.

— Den største feilen var at leiinga nytta styringsretten sin og tvinga fram ei løysing. Det blei eit kaldt klima, og vi fekk eit driftsopplegg med for mykje rokkeringar og ei sluttpakkeordning som fjerna viktig kompetanse, seier Per Martin Labråthen, som vedgår at det er ein «tung» fagforeiningskamp på sokkelen.

Bjørn Asle Teige trur det er råd å betra den dårlege stemninga som er offshore.

— Men først og fremst er det selskapet som må visa betre vilje til samarbeid. Då leiinga tok i bruk styringsretten, blei den muligheten svekka, seier Teige.