Aker Solutions har kapra Haugan frå Hydro, som har hatt trønderen som toppsjef for verdas største aluminiumsverk Qatalum som opna i Qatar for eitt år sidan. Seinast 1.august i år går han over til Kværner, Akers nye EPC-selskap (ingeniørtenester, innkjøp og konstruksjon) som blir børsnotert truleg i juli, og som blant anna skal omfatta Aker Solutions sine verft på Stord og i Verdal.

Haugan har ingeniør— og økonomiutdanning frå USA, og har tidlegare vore tilsett i entreprenørselskapet F. Selmer, i dag del av Skanska. Han kom til Norsk Hydro i 1991, då han i rolla som sjefsingeniør fekk ansvar for utbygginga av olje- og gassfeltet Oseberg i Nordsjøen. Jan Arve Haugan skal styra nye Kværner frå Oslo.

  • Vi er nøgde med at han har bestemt seg for å bli med oss på å skapa eit nytt og fokusert EPC-selskap i olje- og gassindustrien. Vi har leita etter ein leiar med brei erfaring frå EPC-prosjekt, djup forståing for Nordsjø-marknaden og ei sterk forankring blant internasjonale kundar, uttalar Øyvind Eriksen, arbeidande styreleiar og toppsjef i Aker Solutions.