— Dette verftet blei eg glad i, sa Fred. Olsen då han kom til Aker Stord torsdag.

Som hovudeigar i Aker-gruppen fram til 1985 hadde Olsen verftet på Stord som «sin baby». Han reidde grunnen finansielt for at det blei eit gigantskipsverft for 50 år sidan, og losa det over i offshoreaktivitet på 1970-talet.

— Industrimiljøet her er det beste Noreg har fostra, sa Fred. Olsen til forståeleg applaus då han dukka opp hos verftets historiegruppe torsdag.

Her fekk reiarhøvdingen høve til å offisielt opna den nygamle verftssmia som er bevart for ettertida.

Fred. Olsen forærte også ein modell av frakteskipet «Bosphorus» til historiegruppa sitt rikhaldige industrimuseum. «Bosphorus» blei bygt ved verftet på Stord i 1956, og representerte starten på Fred. Olsen og Aker sitt engasjement på Stord.

Under opphaldet sitt på Stord fann skipsreiaren også grunn til å åtvara mot endå tøffare nedgangstider i framtida enne dei verda har opplevd siste året.

Les meir om Fred. Olsens Stord-besøk i BTs papirutgåve fredag.