For sju år sidan var Magnar Aaland sjef for 19 tilsette, medrekna seg sjølv.

— Etter det har det bitta på seg, til vi no har meir enn 200 tilsette og har kontor i Houston, Aberdeen og Oslo. Og så har vi eit kontor i Stavanger. I tillegg til det er vi representert i Brasil.

Inne i monteringshallen til Advantec på Stord er ei gigantisk snelle med plass til 2600 meter glasfiberrør trilla på plass. Den skal til Brasil når den er ferdig montert.

Toppsjefen sjølv er på reise i utlandet, på jakt etter nye kundar og nye oppdrag.

I år reknar Magnar Aaland med at Advantec skal selje utstyr og tenester for over 300 millionar kroner. Rundt 20 prosent av inntektene kjem frå utlandet. Om fem år er målet at eksporten skal vere like stor som salet på heimebane.

— Vi ser at den internasjonale marknaden er betydeleg større, sjølv om den norske marknaden er stor, seier Aaland.

Dobla eksport

Eksporten frå Advantec og andre bedrifter som lagar utstyr og leverer tenester til leiteboring og utvinning av olje.- og gass har meir enn dobla seg på åtte år. Det viser tal frå analyseselskapet Menon Business Economics (sjå grafikk). I fjor nådde eksporten 107 milliardar kroner. Når driftsinntektene frå dotterselskap i utlandet er rekna med kjem driftsinntektene frå verksemda i utlandet opp i 182 milliardar kroner. Til samanlikning var den samla eksporten av oppdrett- og villfisk 53 milliardar kroner.

Det er slike tal som får olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp) til å seie at oljebransjen er Noregs viktigaste næring. Menon Business Economics kallar leverandørindustrien til olje- og gassutvinning ein av dei viktigaste motorane for vekst i norsk økonomi.

Hovudtyngda av denne eksportsuksessen skriv seg frå Vestlandet.

Leverandørindustrien i Rogaland eksporterte for 35 milliardar kroner i fjor. Hordaland kjem på andreplass, med ein eksport på 19 milliardar. Det er meir enn den samla norske fiskeeksporten i fjor (sjå grafikk). Møre og Romsdal på tredjeplass har ein eksport på 14 milliardar kroner. Til saman står dei tre Vestlandsfylka for 64 prosent av den norske eksporten frå leverandørindustrien.

Tøff reise

Ei gruppe brasilianske journalistar på noregsturne kjem innom møterommet til utviklingsdirektør Rolf Haldorsen.

— I starten av neste år vil vi ha etablert eige kontor i Brasil, seier han.

Brasil gjer som Noreg gjorde då oljealderen her tok til. Den som vil inn i marknaden må vere med og byggje opp Brasils eigen oljeindustri.

— Vi vil også sjå etter lokale underleverandørar i Brasil, seier Haldorsen.

Men vegen fram til suksess i utlandet kan vere både bratt og kronglete. Då Houston-kontoret i Texas var etablert kom først ein orkan som sette oljeindustrien på vent. Deretter kom finanskrisa, og så utblåsinga i Mexicogulfen i april 2010.

— Det har på mange måtar gjort at vi har fått ein tøff, men lærerik reise der borte, seier Aaland.

Viktig arena

I løpet av denne veka er 10–15 av dei tilsette i Advantec innom ONS 2012 i Stavanger, ei av verdas største oljemesser. Bedrifta har ingen eigen stand på messa, men Aaland meiner det er viktig å vere til stades og treffe gamle og mogleg nye kundar.

— Det har ein verdi som merkevarebygging av Advantec seier han,

I september er Advantec på plass i oljemessa i Rio de Janeiro i Brasil.

Det er praktisk å møte mange mogleg kundar på eitt brett, men det viktigaste arbeidet kjem etterpå

— Det er ein veg inn, men det er ingen snarveg. Tolmod er eit stikkord, du må brenne litt krut før du får resultat, seier Aaland.

HEIS PÅ PLASS: Advantec sitt hovudprodukt er utstyr og styringssystem som blir brukt ved montering og etterkontroll av såkalla "juletre" – ventilsystem på toppen av oljeutvinningsanlegg på havbotnen. Teknikar Euan Mackay, frå Advantecs dotterbedrift i Aberdeen, er på Stord for å montere utstyr og kontrollrom inn i ein container, som blir heist om bord i plattforma det skal jobbast frå. Når oppdraget er ferdig er det berre å flytte containeren til neste jobb.