På ei ekstraordinær generalforsamling tysdag vedtok tankreiarlaget Odfjell SE å samle eigarskapet i tankterminalane i eit eige selskap, Odfjell NewCo AS. Det Bergensbaserte reiarlaget eig heilt eller delvis 12 tankterminalar over heile verda, med over 850 tilsette.

— Vi ryddar i strukturen slik at alle tankterminalane blir eigd av eitt selskap, som blir liggande under Odfjell SE, seier finansdirektør Terje Iversen i Odfjell SE.

Det siste året har det vore store problem på den største av terminalane, Odfjell Terminals i Rotterdam (OTR). Terminalen har vore under sterkt kritikk i Nederland, både for å vere miljøfarleg og usikker. I juli stengde Odfjell ned heile terminalen, som er den største i Europa. Selskapet kunngjorde at dei skulle gå gjennom heile sikkerheitsopplegget på terminalen, inkludert ein full sjekk av all brannvarslingsutstyr.

Stenginga førte til at storkunden Shell sa opp kontrakten om å lagre olje på terminalen. I midten av september vedtok Odfjell å seie opp over ein tredel av dei 300 som jobbar på terminalen.

I førre veke sendte selskapet ut ei melding om at dei startar opp att drifta i Rotterdam, men då berre 20 prosent av kapasiteten.

Iversen seier etableringa av det nye selskapet ikkje har noko med Rotterdam-problema å gjere. Han verdgår likevel at saka ikkje har vore enkel for selskapet.

— Nei, det har kosta både tid og pengar, seier han,.

Terminalen i Rotterdam gjekk med mellom 25 og 30 millionar dollar i underskot i andre kvartal i år.

— Forhåpentligvis får vi no orden på tinga slik at vi frå neste år igjen skal tene pengar på denne terminalen, seier han.