Kvar femte oppdrettsfisk døyr på grunn av sjukdom før den er slakteklar, over 300.000 fisk rømde i 2011, kjemikaliebruken mot lakselus skadar livet i sjøen og det manglar ein samla plan for kvar oppdrettsanlegga bør plasserast for gjere minst skade. Slik oppsummerer Riksrevisjonen situasjonen for oppdrettsnæringa i ein rapport som blir lagt fram i dag. Skal regjeringa nå Stortinget sitt mål om berekraftig vekst og utvikling må måten næringa blir forvalta og regulert på leggjast vesentleg om.

Oddekalv fornøgd

— Dette er nok ein etat som er samstemt med Miljøvernforbundet sin kritikk av oppdrettsnæringa, seier ein svært fornøgd Kurt Oddekalv, leiar i Miljøvernforbundet.

Produksjonen av oppdrettslaks blei dobla frå 2000 til 2010, til over ein million tonn i året. Veksten gjer at inntektene frå oppdrettsnæringa passerte 30 milliardar kroner i 2010, er inntektene frå oppdrettsnæringa er blitt større enn frå tradisjonelt fiskeri. Resultatet er inntekter og arbeidsplassar. Men sjølv om omsynet til miljøet gradvis har blitt lagt meir vekt på i forvaltninga, samsvarar miljøskadeverknadene framleis ikkje med Stortinget sine mål, ifølgje Riksrevisjonen.

Riksrevisjonen etterlyser og meir kunnskap og forsking, og klarare mål på kor store miljøpåverknadar frå oppdrettsnæringa som naturen toler. Grenser for kor mykje fisk som kvart oppdrettsanlegg får ha i sjøen er ein av det viktigaste reglane i forvaltninga av oppdrettsnæringa. Regelen skal hindre at det ikkje blir meir fisk enn styresmaktene meiner er forsvarleg. Men slik det er i dag er ikkje metodane for å kontrollere fiskemengda god nok. Mangel på klare reglar gjer forvaltninga vanskeleg, meiner revisjonen.

Varslar endring

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg Hansen, som har hovudansvaret for forvaltninga av oppdrettsnæringa, lovar å leggje fram ei stortingsmelding om heile sjømatnæringa i løpet av 2012. Meldinga vil mellom anna avklare reglane for plassering av oppdrettsanlegg for å redusere sjukdomssmitte og spreiing av lakselus, og vurdere grenseverdiar for ulike former for miljøpåverknadar.

Stortingsmeldinga kjem mellom anna til å byggje på råd frå eit ekspertutval som i fjor la fram ei vurderinga av korleis kystarealet kan utnyttast betre og samstundes meir miljøvenleg. Utvalet, som var leia av tidlegare fiskeridirektør Peter Gullestad, vil dele kysten i store soner med oppdrettsfrie område mellom kvar sone. Innan kvar sone skal oppdrettsnæringa drivast i takt for å sikre at område blir liggjande brakk i fleire veker frå siste slakting til utsett av ny laks. Ei slik omlegging vil krevje omfattande endringar i korleis oppdrettarane driv, og favorisere store selskap som er spreidd ut over heile kysten.

Ulik praksis

Riksrevisjonen har funne til dels store lokale skilnader i måten ulike forvaltingsorgan behandlar oppdrettsnæringa. Like saker blir behandla ulikt, alt etter kva for eit lokalkontor som handsamar saka. Fiskeridirektoratet og Mattilsynet fører begge tilsyn med oppdrettarane. Finn dei feil varierer reaksjonsmåten kraftig frå distrikt til distrikt.

Fiskeri- og kystministeren varslar ein gjennomgang av akvakulturlova for å sikre likebehandlinga av oppdrettsnæringa som Riksrevisjonen etterlyser.