Topp og botn i Sunnhordland? Trykk her eller skroll deg ned på sida.

Ved eit datapanel i NLI Odda sin produksjonshall sit operatør Jan Magne Midtbø og styrer ein ny multimaskin til over ti millionar kroner. Med tastetrykk og årvake blikk sørgjer han for at kompliserte hol og kanalar blir freste ut av ei stålkopling med hundredels millimeter presisjon. Koplinga skal monterast på ein oljeinstallasjon på havbotn.

– Odda har ein framtidsretta industri, seier Ingvald Torblå, administrerande direktør for NLI Odda. Den mannen bør vita kva han snakkar om, med heile si yrkesaktive karriere på Odda Smelteverk inntil framtida der fall i grus med konkursen i 2003. Månelanding i havet

– Dette er høgteknologi, med kompetanse som avgjerande faktor. Vi har lukkast med spesialisering innan offshore, vi er med på «havbotnens månelanding», seier Ingvald Torblå.

Odda Plast med 25 tilsette er ei anna verksemd som har gått offshore. Bedrifta tilbyr korrosjonsvern av stålrøyr, og har ei eiga avdeling for prefabrikasjon av offshore røyrsystem.

Også prosessindustrien i Odda er på offensiven. Langsiktig kraftavtale og store ekspansjonsplanar hos Boliden. TTI i Tyssedal på franske Eramet-hender.

– Bølgjedalen har vore altfor langvarig. Men no er stemninga betre enn på lenge. Bolidens nye kraftavtale er viktig for heile Odda, seier Olaf Hernes, leiar i Hardanger Vekst.

Sidan 1970 har folketalet i Odda falle frå over 10.000 til dagens vel 7000. Hardanger Vekst blei skipa i 1986 som ei drivkraft for næringsutvikling i Sørfjorden. Det er lansert ulike prosjekt for tilflytting, for verdiskaping og alternativ turisme. Det forhindra ikkje at sjølve symbolet på Oddas hundreårige industripotens – smelteverket med 450 sysselsette på det meste – gjekk i frø for fem år sidan.

Smertegrensa nådd

– Vi har nådd ei nedre smertegrense. Vi ser no ein stagnasjon i nedgongen, seier Hernes, som har ført Hardanger Vekst inn i ein omstillingsfase i omstillingsarbeidet.

– Den mest vellukka omstillinga vi har vore gjennom, er hyttebygginga på Seljestad og i Røldal. Den har eksplodert. Reiselivet greier seg sjølv, no konsentrerer vi oss om industrien og dei små og mellomstore bedriftene, seier Olaf Hernes.

  • Organisasjonen for små og mellomstore bedrifter – SMB-gruppa i Odda – tel rundt 50 medlemsbedrifter. I alt 750 tilsette. Årsomsetnad halvannan milliard kroner.
  • Prosessindustrien – Boliden Odda og Eramet TTI – sysselset i alt 560 menneske. Omsette i fjor for i alt to milliardar kroner.

– Underleverandørar i Odda har nytta erfaringane frå prosessindustrien til å nå nye marknader, og har teke med seg ny erfaring og ny kompetanse tilbake. Det er veldig viktig for prosessindustrien at underleverandørane er knallgode, seier Olaf Hernes.

– Det er veldig gledeleg det som skjer. Hardanger har stor verdiskaping, men vi er ikkje så flinke til å fortelja om det. Industrien vår er high tech , no må vi få synleggjort det, seier Hernes.

Kongsberg-avleggjar

Sidan Tønsberg-baserte NLI (Nordheim-Larsen Industrier) overtok maskineringsbedrifta etter Steinsvik Maskinindustri på Eitrheim industriområde i 2003, har årsomsetnaden gått opp frå 70 til 160 millionar kroner. Talet på tilsette har auka frå 70 til 92. Bedrifta er ei vidareføring av tidlegare Kongsberg Våpenfabrikk, som midt på 1980-talet etablerte seg i Odda på statleg initiativ. Gradvis har produksjonen gått over frå gassturbinar til spesialutstyr for oljeindustrien.

Ifølgje direktør Ingvald Torblå er vitale delar av industrikulturen i Odda intakt, trass tilbakeslag og fråflytting.

– I Odda har haldninga vore at vi vil klara oss sjølve, vi er vane med at det blir stilt krav til produktutvikling. Dessutan er det tilgang på folk som vil gå skift, seier Torblå.

NLI Odda har i dag toskiftsordning. Trass industrikulturen som Torblå framhevar, slit bedrifta med å rekruttera kvalifisert arbeidskraft.

– Vi har dei siste åra hatt seks lærlingar, i år har ingen søkt. Maskinarbeidar kling liksom ikkje så godt, men det er sjansar til å gjera karriere også hos oss. Vi legg vekt på å gjera arbeidsplassane meir interessante gjennom systemforbetring og produktutvikling. Vi må ta inn over oss at Odda-foreldre rår ungane sine til å ta utdanning, gjerne som ingeniør. Vi har 15 ingeniørstillingar, seier Torblå.

Svenske jenter

Ved ein dreiebenk sit svenske Rebecca Östby (21) og studerer arbeidsteikningar i samråd med arbeidsleiar Odd Arne Mala. Östby, og ei anna nyutdanna svensk jente, er i haust komne til Odda for å bli industriarbeidarar.

– Det er kul å koma hit etter å ha søkt mange jobbar i Sverige utan å lykkast, seier Östby.

– Utanlandsk arbeidskraft har hjelpt oss dei siste åra, mange har også bestemt seg for å bli verande. Utan dei hadde vi stått på staden kvil, seier Ingvald Torblå, som har rundt 15 arbeidarar frå Polen, Tyskland, Serbia, Irak og Sverige på lønningslista.

Høvik, Tor
Høvik, Tor
Høvik, Tor