— Slik vi vurderer det er situasjonen på Mongstad veldig alvorleg, seier informasjonssjef Morten Eek i Statoil.

Sidan tredje kvartal 2009 har Statoil skrive ned verdien av Mongstadraffineriet med til saman 9,2 milliardar kroner.

Raffineriet har gått frå å vere setelpresse til å bli eit milliardsluk, og nedskrivingane skuldast at Statoil har blitt stadig meir pessimistisk til framtidsutsiktene for lønsemda for raffineriet.

I åra 2004 - 2008 hadde Mongstad Refining DA eit driftsoverskot på til saman 9,7 milliardar kroner.

11,9 milliardar i tap

Etter den siste nedskrivinga er meir enn alt gått tapt.

Mongstad Refining gjekk med til saman 8,1 milliardar kroner i driftsunderskot i 2009 og 2010. Då er nedskrivingane i tredje kvartal 2009 og andre kvartal 2010 rekna med.

Med nedskrivinga i tredje kvartal i år er driftsunderskotet i 2008, 2009 og hittil i år kome opp i til saman minst 11,2 milliardar kroner.

Raffinerieanalytikar Alan Gelder i analyseselskapet WoodMackenzie spådde i september at Mongstadraffineriet har fem magre år i vente.

Ifølgje Eek er det fire hovudårsaker til at Statoil skriv ned anlegget endå ein gong:

Prisane på bensin, diesel og andre raffinerte produkt har ikkje stige.

Råvarekostnadene, råolje og tungolje frå andre raffineri er blitt høgare.

Valutasvingingar, at krona er meir verdt i høve til dollar.

Utviklinga i rammevilkår, mellom anna eigedomsskatt.

Fusk i motoren

Raffineriet er motoren i næringslivet i Nordhordland. Dei siste åra har raffineriet vore gjennom store og utbyggings— og vedlikehaldsarbeid. På det meste har 2000 ekstra arbeidarar budd ved anlegget. No er bremsene på.

Det betyr at investeringar blir lagt på is, og til og med at deler av raffineriet blir stengt i periodar.

Statoil har kring 800 tilsette på Mongstadområdet, dei fleste av dei arbeider på raffineriet.