Tapsbomba låg skjult i rekneskapen under heile oppvasken etter Terra-skandalen, og vart aldri oppdaga. Men i årets kommunerekneskap kan ikkje kommunens ukjende høgrisikogambling seg lenger skjulast.

Vedda på høg rente

Vesle Bremanger kommune, som gjekk ut av Terra-skandalen med eit oppsamla underskot på over 230 millionar kroner, har altså ytterlegare potensielle tapsbomber i bagasjen. I 2006 og 2007 inngjekk kommunen såkalla swapsjonsavtalar (rentebyteavtalar) der dei folkeleg forklart veddar om framtidig rentenivå.

Bremanger har satsa på at den framtidige renta blir høg, og tok imot i 2007 knapt 11 millionar kroner i byte mot ein opsjonsavtale med Fokus Bank. Avtalen inneber at Fokus Bank i 2016 kan bestemme seg for å gje Bremanger kommune eit 20-årig lån til ein rentesats på 6,5 prosent.

Er marknadsrenta eksempelvis like låg som i dag, vil banken tene store pengar og kommunen tape tilsvarande på lånet.

Kommunen vinn berre dersom renta i 2016 er høgare enn 6,5 prosent.

Taper 39 millionar i år

— Slik situasjonen er no, ser det ut til at kommunen må bokføre eit tap på rundt 39 millionar kroner i år, opplyser fylkesmann Oddvar Flæte i Sogn og Fjordane.

Han ante ingenting om saka før eit brev frå kommunen kom inn med posten tidlegare i veka. No varslar Fylkesmannen lovlegkontroll og full gjennomgang av saka, og har hyra inn ekstern ekspertise for å gå gjennom dei svært kompliserte finansielle avtalane som ligg under.

- Kven har inngått desse avtalane på vegner av kommunen?

— Det veit vi ikkje sikkert enno, ei heller om desse avtalane var politisk godkjende, seier Flæte.

Kåre Træen er rådgjevar hjå fylkesmannen, og opplyser at tapsbomba ikkje vart oppdaga fordi den var bokført som kortsiktig gjeld. Denne sida av kommunens rekneskap vart ikkje granska i samband med Terra-skandalen.

— Blir renta frå 2016 og framover låg, så vil Bremanger tape pengar kvart år. Kor mykje dei taper, avheng av kor låg renta blir, seier Træen. - Motsett tener dei på avtalen dersom renta skulle bli høgare enn 6,5 prosent.

Også i Vik kommune

Ifølgje Træen er det kompliserte avtalar som ligg til grunn, og korkje fylkesmannen eller kommunen sjølv har full oversikt over kva mogelege scenario som avteiknar seg framover.

— Men dei fleste forstår at det er mildt sagt risikabelt å vedde om korleis renta blir fleire tiår fram i tid, seier han.

Tapsbomba detonerer no fordi rentenivået er svært lågt, og kommunen allereie no må bokføre verdien - altså tapet - på den avtalen dei har inngått.

— Kva med andre Terra-kommunar, har også dei inngått liknande avtalar?

— Faktisk. Vi har sjekka med Vik kommune, som har hatt liknande swapsjonar. Men dei har seld seg ut med eit tap, eg trur det var på rundt 700.000 kroner, seier Kåre Træen hjå fylkesmannen i Sogn og Fjordane.