I dag varsla Det norske oljeselskap at plattformdekket til Ivar Aasen-utbygginga skal byggjast i Singapore. Kontrakten er på rundt fire milliardar kroner og går til SMOE, eit dotterselskap av Sembcorp Marine.

I slutten av januar gjekk oppdraget på bygging av bustadkvarter til Aasta Hansteen til Hyundai i Korea. Den kontrakten var på 6,5 milliardar kroner.

I begge tilfelle var Kværner Stord med i konkurransen, men tapte.

— Ikke uroa

— Vi skulle svært gjerne hatt kontrakten på Aasta Hansteen-dekket. Vi har kapasitet til det, sa leiar av verkstadklubben ved Kværner Stord, Amram Hadida då kontrakten glapp. Han var likevel ikkje er særleg uroa for sysselsetjinga ved verftet

— Vi har tre store prosjekt på gang. I verftet byggjer vi no overdelen til Eldfisk-plattforma. I mai/juni skal vi begynne på Edvard Grieg-plattforma, samstundes som vi har kontrakt på utviding av Ormen Lange-anlegget på land i Nyhavna. Dermed har vi stor aktivitet sikra til 2016. Men vi treng påfyll, sa Hadida.

Informasjonsansvarleg Odd Naustdal ved Kværner Stordseier at selskapet er skuffa over å ha tapt Ivar Aasen-kontrakten, men legg tilat verftet sin ordresituasjon for tida er god.

Trappar opp

Kværner Stord trappar no opp bemanninga på oppdraget medå byggja Eldfisk 2/7-dekket for ConocoPhillips, og sikra seg i fjor dessutanein åtte milliardar kroner stor kontrakt med

Lundin Norway for bygging av dekket til EdvardGrieg-plattforma. I tillegg har verftet hovudkontrakten på oppgraderinga avOrmen Lange gassanlegg på Aukra, eit arbeid som vil pågå i minst seks år.

GLAPP: Kværner Stord har nok å gjere i dag, men har tapt i konkurransen og store nye milliardoppdrag i år. Her frå starten av bygginga av overdelen til Eldsfiskplattformen.