Sidan 2002 har reisande betalt bompengar på ferja mellom Halhjem og Sandvikvåg for utbet-ring av E39 over Stord. No kan bompengeperioden bli utvida med to nye år fram til 2014.

I dag handsamar fylkesutvalet ein ny søknad om bompengefinansiering av «Bompengepakken Stord vestside».

Det er kommunane Stord og Fitjar som står bak bompengeprosjektet med ein totalkostnad på 68 millionar kroner, der 40 millionar kroner skal betalast med bompengar på ferja. Pengane skal gå til utviding av den smale og svingete fylkesveg 545 mellom Fitjar og Sagvåg, gang— og sykkelstigar og tofelts bru i Sagvåg.

Det er eit landevegsrøveri. Arne Sortevik (Frp)

- Viktig omkøyringsveg

Fitjar-ordførar Harald Rydland (KrF) meiner trafikantane fint må finna seg i å vera med på vegdugnad.

— Kring 16 prosent av trafikken går på vestsida. Då har me krav på å få noko att, seier Rydland.

Argumentet for både ordføraren på Stord og Fitjar er at vegen på vestsida er einaste omkøyringsveg når E39 er stengd som følgje av vegarbeid, ulukker, flaum og ras.

— No har me stenging av tunnelane på austsida, og all trafikk må gå på vestsida om natta. Det er ei kjempeutfordring fordi fylkesvegen er altfor svingete og kronglete, seier Stord-ordførar Liv Kari Eskeland (H). Ho meiner dessutan at dei reisande frå Stord til Bergen via vestsida, må få sin del av kaka etter å ha betalt bompengar i snart 11 år.

Ordførarane får støtte frå Statens vegvesen som viser til at 84 prosent av trafikken til og frå ferja på Sandvikvåg går på europavegen, medan 16 prosent køyrer fylkesvegen.

«Etter at bominntektene i elleve år er øyremerkt E39, så er det ikkje unaturleg at fylkesveg 545 og får ein del av bompengeinntektene,» skriv Olav Finne, avdelingsdirektør i Statens vegvesen i eit brev til Hordaland fylkeskommune.

Vindpark betaler

Også fylkesrådmann Paul M. Nilsen går inn for at bilistane må punga ut med 40 millionar kroner mot at fylket løyver 7,5 millionar. I finansieringa er det også lagt inn at Midtfjellet Vindkraft AS forskotterer 10 millionar for å få god veg til det planlagde vindmølleanlegget i Fitjar.

—  Fylkesvegen er i dag av ei slik forfatning at me er usikre på om han held, seier administrerande direktør Ole Vidar Lunde i Midtfjellet Vindkraft AS.

Selskapet har på eiga rekning testa vegen sin bereevne som syner at han ikkje toler det han er skilta for.

— Kvar natt no og kvar gong det skjer ei ulukke på E39, kjem trafikken om Fitjar. Vegen er ikkje dimensjonert for all denne trafikken, seier Lunde.

- Landevegsrøveri

Arne Sortevik, stortingsrepresentant for Frp, meiner det blir dobbelt feil å krevja inn bompengar på eit europavegsamband for å utbetra ein fylkesveg.

— Det er eit landevegsrøveri. Nytteprinsippet blir jo heilt vekke. I dette tilfellet må folk betala bompengar for ein veg dei ikkje nyttar, seier Sortevik.

—  Men vestsida blir ofte nytta som omkøyringsveg?

— Når opprustinga av E39 allereie i stor grad blir betalt av trafikantane, blir det svært urimeleg at bilistane skal ta rekninga for omkøyringsvegen òg, seier Sortevik.

Saka skal først opp for fylkestinget 7. juni.

Kva meiner du om forslaget? Sei di meining under!