Før jul blei det klart at det nederlandske verftskonsernet Damen er på veg inn som storeigar i skipsbyggingsdivisjonen i Bergen Group.

No varslar selskapet at også den største verksemda i offshoredivisjonen, Bergen Group Rosenberg i Stavanger, er til sals.

Konkurranse

— Det er ein prosess som vil medføre ein endra eigarstruktur på dotterselskapet vårt Bergen Group Rosenberg, seier kommunikasjonsdirektør Øyvind Risnes.

Bergen Group Rosenberg er eitt av dei første skipsverfta som la om til å byggje for oljeindustrien, og blei kjøpt av Bergen Group i 2007. Rundt 600 personar arbeider i Bergen Group Rosenberg, og driftsinntektene passerte ein milliard kroner i fjor. I dag er selskapet både eit ingeniør- og industriselskap, som mellom anna byggjer store deler til oljeplattformer.

Ifølgje Risnes vil den nye medeigaren gjere det råd for Bergen Group Rosenberg å konkurrere om meir omfattande oppdrag enn i dag.

Store tap

Risnes seier målet er å avklare nytt eigarskap i Bergen Group Rosenberg i løpet av februar. Han vil ikkje kommentere nasjonaliteten til den moglege nye medeigaren, ei heller kor stor aksjepost det er snakk om.

Ifølgje Risnes vil Bergen Groups offshoreverft på Hanøytangen kunne halde fram som sjølvstendig selskap, sjølv om Bergen Group Rosenberg får nye eigarar. Verftet på Hanøytangen driv med vedlikehald, reparasjon og ombygging av oljeplattformer,

I fjor haust varsla Bergen Group om store tap i skipsbyggingsdivisjonen i tredje kvartal, først og fremst på grunn av forseinkingar ved konsernet sitt verft på Fosen i Trøndelag. Tapa gjorde mellom anna at selskapet måtte reforhandle vilkåra med obligasjonseigarane, som hadde lånt selskapet pengar.

I dag varslar selskapet at tilstanden i skipsbyggingsdivisjonen er verre enn venta, og at det må ta nye tap i rekneskapen for fjerde kvartal, som blir lagt fram 27. februar i år.