2013 har byrja dramatisk for veteranane i det bergenske utelivet, Steinar Knutsen, Per Jørgensen og Terje Skjelbred (KJS).

12. januar vart selskapet som har drive nokre av dei mest populære utestadene i Bergen, Zachariasbryggen Restauranter, slått konkurs.

To dagar etter skjedde det same for selskapet som stod bak sportsbaren Bukowskis, KJS Sportsbar AS.

Fransk lukking

No har òg eit selskap i nysatsinga på Matbørsen gått konkurs. Franskinspirerte Cafe Holbar AS vart slått konkurs rett før helga.

— Det kjem i kjølvatnet av konkursen i Zachariasbryggen, seier Steinar Knutsen, som driv selskapet saman med Per Jørgensen.

Han seier Zachariasbryggen fungerte som bank i konsernet, og hadde lånt ut pengar til Cafe Holbar. Restauranten har gått med underskot sidan oppstarten i mai i fjor, og skulda pengar til Zachariasbryggen.

— Så då Zachariasbryggen vart avslutta klarte ikkje dei lenger å gjere opp for seg, seier han.

Knutsen seier staden og dei tilsette er no overteke andre, som driv han vidare under same namn.

Meir minus

KJS driv òg to andre selskap i den gamle børsbygningen, Våg og Børskjelleren. Knutsen seier begge går med underskot, men at han reknar med dei vil klare seg.

— Vi reknar med at dei vil gå med overskot i løpet av halvåret – året, seier han.

- Ikkje spekulasjon

KJS er hardt pressa økonomisk og hadde ved inngangen til 2012 over 25 millionar i negativ eigenkapital. Knutsen seier det er endå meir no, men at gjelda er til eigarane.

Knutsen seier dei tre konkursane til saman har sletta 10 millionar i gjeld. Både Zachariasbryggen og KJS Sportsbar gjekk konkurs om lag samstundes med at dei miste leigekontrakten. Knutsen avviser likevel at dei har spekulert i å slå selskapa konkurs.

— Det er eg sjølvsagt usamd i. Nokon har sagt at vi oppretta eit nytt selskap 2–3. desember, men det er eit selskap vi har kjøpt ferdig frå eit advokatbyrå, seier han, som legg til at han tek dei komande boberetningane frå konkursane med knusande ro.

- Tøffare bransje

I stordomstida på 1990-talet var KJS sjølve kongane i utelivsbransjen i Bergen. Spørsmålet er om det vi no ser er byrjinga på slutten for konsernet.

— Vi ser det ikkje slik, men situasjonen er sjølvsagt alvorleg når ein går konkurs. Vi har vore i denne bransjen i 40 år, og veit at det går opp og ned, seier han.

— Har utelivsbransjen blitt tøffare?

— Ja, vesentleg tøffare. Personleg trur eg det kan bli fleire som kjem uheldig ut framover, seier han.