Ordrebøken hos norske vert er i ferd med å fyllast, og kostnadene stig meir enn Statoil likar. Det er ein av grunnane til at Valemonkontrakten går til koreanske Samsung Heavy Industries, ifølgje ei pressemelding frå Statoil.

Valemonfeltet, 160 kilometer vest for Bergen, skal etter planen ta til å produsere gass i 2014.

Runar Rugtvedt i bransjeorganisasjonen Norsk Industri seier til nettavisa Oilinfo at han forstår at Statoil valde å gå ut av landet.

— Valemon-forhandlingane har vore preget av kapasitet. Hadde dei store verfta vore tomme hadde det vore éin ting, men eg skjønner godt at totalkapasiteten har hatt stor betydning, seier Rugtvedt.

Kværner Stord (tidlegare Aker Stord, før namnebyte i vår) kjem til å få ledig kapasitet når produksjonsskipet Skarv blir levert i sommar.

Informasjonssjef Odd Naustdal i Kværner Stord vil ikkje kommentere om selskapt var med og konkurransen om Valemonkontrakten.

Kværner Stord vann i mars oppdraget med å byggje dekket til Eldfiskplattformen, eit oppdrag til 5,5 milliardar kroner. Ingeniørane er i ferd med å planleggje, og det fysiske arbeidet med sjølve bygginga startar neste år.