Billeg laks har fått folk til å gafle i seg rekordmange laksemiddagar. Det er bra for oppdrettsnæringa.

— I haust vil vi nok vere tett på den totale kapasitetsutnyttinga. Det betyr at investorane som trur at prisane skal opp sannsynlegvis får rett i det, seier Morten Vike, administrerande direktør i Grieg Seafood.

Norske styresmakter har sett ei grense for kor store mengder laks som kan vere i oppdrettsnæringa. Poenget med grensa er mellom anna å halde problem med lakselus, sjukdom og rømming i sjakk. Den grensa er no i ferd med å bli nådd, etter ein produksjonsauke på rundt 20 prosent i år. Oppdrettarar som har for mykje fisk i anlegga risikerer bot.

Fekk fart på salet

Etter prisar på over 40 kroner kiloet til oppdrettarane i fjor vinter fall prisen ned mot 20 kroner i fjor vår. No ligg prisen rundt 25 kroner. Prisfallet fekk fart på salet, og Vike vedgår at han er overraska over at forbrukarane har slukt all fisken som er sendt ut frå slakteria, utan at prisane stupte meir enn dei gjorde.

— Det er sterk vekst i nye marknader, som Russland og Kina, og det er sterk vekst i etablerte marknader, seier han.

Prisfallet i fjor enda med at Grieg Seafood har drive med tap, og måtte reforhandle lånevilkåra sine. Med dei utsiktene som er for lakseprisen fram i tid på laksebørsen Fish Pool spår Vike overskot frå og med fjerde kvartal, og klar betring neste år. Hos Fish Pool blir laks for levering neste år handla til 29–30 kroner pr. kilo.

— Då blir det bra inntening i bransjen, seier Vike.

Sushi gjer susen

I restaurant Ichiban i Håkonsgaten i Bergen får Maria Malmedal eit brett sushi servert ved vindusbordet.

Kundar som henne er med på å gi oppdrettsnæring eit ekstra løft, for sushibølga er merkbar verda over, ifølgje Vike. I Noreg har nesten halvparten alle vaksne ete sushi i løpet av det siste året, fortel tal frå Norges Sjømatråd.

Malmedal et sushi om lag ein gong i månaden.

— Det er alt for sjeldan i forhold til det eg skulle ønske, seier ho

- Laks elles?

— Det er kjempegodt, eg åt det seinast i går. Det er godt, det er sunt, og så kan ein lage det til på forskjellige måtar.

Dempa vekst

Mange deler Malmedals appetitt på laks.

— Prisane har halde seg betre enn ein trudde, og ein har sett at marknaden er i stand til å sluke mykje meir enn venta, seier aksjeanalytikar Kolbjørn Giskeødegård i Nordea Markets.

Norske oppdrettarar auka produksjonen frå ein million til 1,2 millionar tonn i år, ifølgje Giskeødegård. Det er ein auke på 20 prosent. I Chile, den nest største lakseoppdrettnasjonen i verda, blir produksjonen nesten dobla, frå 200 til 350/400 tonn, anslår Giskeødegård.

Prognosane for produksjonsveksten er langt meir beskjedne for 2013, berre fem prosent vekst på verdsbasis. Historisk har dempa vekst i tilbodet, kombinert med sterk vekst i salet, slått ut i høgare prisar. Det har aksjespekulantane fått med seg.

Vestlandet vinnar

Etter eit elendig børsår i fjor, har oppdrettsselskapa fått eit kraftig oppsving i år. Grieg Seafood har meir enn dobla børsverdien sidan årsskiftet (sjå grafikk). Legg vi til Marine Harvest, Lerøy Seafood Group og Austevoll Seafood er oppdrettsnæring ei viktig årsak til at børsselskapa på Vestlandet gjer det mykje betre enn gjennomsnittet på Oslo Børs.

— Det er dei store selskapa på Vestlandet som har gjort det bra. Før Rieber-salet var det berre fiskeoppdrett, no er det fiskeoppdrett og Rieber. TTS sleit med drifta tidlegare. Innteninga snudde for eitt år sidan og i år har dei hatt ei grei inntening, seier investeringsdirektør Robert Næss i Nordea Equities.

— At Vestlandsindeksen har stige så mykje meir enn Oslo Børs, kan nok dels forklarast med enkelthistorier, og med at oppdrettsnæringa som er så tung her vest har hatt gode prisar. I TTS er det leiinga som har tatt grep og fått vist fram verdiar i selskapet. Hos Rieber & Søn er det eigarane som har gjort det. Sjølv om salet av Rieber er vemodig vil eigarfamilien få realisert verdiar som dei vil sette i arbeid igjen, seier divisjonsdirektør Kathrine Trovik i DNB.

OPPTUR: Neste år flatar veksten i lakseproduksjonen i verda ut. Prognosen er berre fem prosent vekst. Administrerande direktør Morten Vike i Grieg Seafood reknar med oppsving for lakseprisen og overskot for Grieg Seafood frå og med 4. kvartal i år.
RUNE SÆVIG