Eksosen er vanndamp, reinare blir det ikkje. Det har vore snakk om hydrogenbilar i mange år, og pr. i dag finst det enno ikkje privatpersonar i Noreg som har gått til innkjøp av hydrogendrivne bilar.

Men no er ting i ferd med å skje, ifølgje næringa.

I løpet av dei siste åra er det etablert fem hydrogenfyllestasjonar på Austlandet, og eit par tital testbilar har vore på vegane. No har selskapet Prototech utvikla ein plan om å byggje ein hydrogenstasjon på Danmarks plass i Bergen.

— Me håpar at stasjonen kan kome i drift i løpet av hausten 2015, og me er i dialog med Toyota og Hyundai om leveranse av ein mindre flåte med hydrogendrivne bilar, fortel prosjektleiar Vegard Laukhammer i Prototech.

Opptil 500 bilar

Stasjonen, som har ei kostnadsramme på 12,7 millionar kroner, vil bli delfinansiert av Transnova, som ligg under samferdselsdepartementet, Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og Enova.

At hydrogenbilane kjem, det er me heilt sikre på.

Senioringeniør Pütz Konrad

Den vil bli bygd som ein del av det såkalla grøne energipunktet som er planlagt ved gamle Solheim skule på Danmarks plass. Her kan det bli drivstoffkapasitet til opptil 500 hydrogenbilar, noko som er meir enn den samla kapasiteten på dei fem hydrogenstasjonane på Austlandet.

— Blir dette starten på ein hydrogenbilrevolusjon på Vestlandet?

— Me trur det. Når me nærmar oss 2020 vil det skje veldig mykje, og om trenden held fram, vil utviklinga skje veldig hurtig, seier Laukhammer.

Både straum og hydrogen

Neste år vil bilfabrikantane trappe opp satsinga på hydrogendrivne bilar kraftig. Toyota er først ute, og vil lansere ein hydrogenbil neste vår med ein utsalspris på under 450.000 kroner i Japan.

Hyundai har allereie hatt hydrogenbilar på marknaden, men vil starte storproduksjon med konkurransedyktige prisar dei neste åra. Nissan, Daimler og Ford vil starte masseproduksjon innan 2017.

Senioringeniør i Transnova, Pütz Konrad, er overtydd om at det er ein marknad for hydrogenbilar i Noreg.

— At hydrogenbilane kjem, det er me heilt sikre på. Det vil kome bilar til den norske marknaden med konkurransedyktige prisar om ikkje mange år. Det er ikkje snakk om hydrogen eller elbilar, det er snakk om hydrogen og elbilar.

Han meiner det er ein føresetnad at stasjonane er på plass før bilane kjem hos forhandlarane.

— Det som er avgjerande for korleis dei konkurrerer i Noreg, er korleis me byggjer opp fylleinfrastrukturen, seier Konrad.

Full tank på få minutt

Fordelen med hydrogenbilane er at rekkjevidda er stor, meir enn 500 kilometer, samtidig som at tanken kan fyllast opp på få minutt. Til samanlikning tek det 34 timar på å lade opp ein Tesla på ein vanleg ladestasjon.

Dette vil gjere hydrogenbilane attraktive for ei rekkje næringar, meiner Laukhammer i Prototech.

— Taxinæringa kan ikkje bruke elbilar på grunn av den lange ladetida, men hydrogenteknologien er veldig godt eigna for dei. Også kommunale etatar vil ha stor nytte av hydrogenbilar.

Den ferske byråden for byutvikling, miljø og klima i Bergen, Henning Warloe (H), stadfestar at dei har skaffa tomt til hydrogenstasjonen på Danmarks plass. Han stiller seg likevel avventande til ei storsatsing på hydrogenbilar i Bergen.

— Eg høyrer snakk om at hydrogenbilar blir framtida, og det blir spennande å sjå. Men me må kanskje sjå utviklinga an over tid før me satsar på mange stasjonar rundt omkring. Så får me heller gasse på dersom det tek av, seier Warloe.