— Eg har sagt opp stillinga på ordinær måte for å gå over i ein ny jobb. Men det er klart at det har ein historie med seg, seier Svein Bergseth, dagleg leiar i vesle Fjelberg Kraftlag SA i Kvinnherad som i vår avvikla eit opprivande årsmøte grunna strid om lagets strategi.

Negativt resultat

Kraftlaget har hatt negativt driftsresultat dei to siste åra, og det tidlegare styret og dagleg leiar Svein Bergseth innstilte på sal av kraftlaget sin nett-del, som dei meinte kunne gitt ein vinst på minst 75 millionar kroner. Men dette ville ikkje årsmøtet vera med på, med den følgje at styreleiaren trekte seg. Men Bergseth heldt fram som dagleg leiar for samvirkeføretaket, heilt til no.

Etter fem år i stillinga har Bergseth sagt opp, og blir 1.mars neste år ny administrasjon- og økonomisjef i Kvinnherad Energi AS, det mektige naboselskapet som vil vera ein potensiell kjøpar av Fjelberg Kraftlag si nettavdeling.

- Slit på motivasjonen

— Når eigarane ikkje ønskte å følgja mitt og det gamle styret sitt råd, så er det klart det slit på motivasjonen min. Selskapet har ein strategi eg ikkje er heilt einig i. Det blir altfor dyrt for selskapet å driva eit så lite nett. Bransjen opplever ein it-revolusjon der inngongspengane til den nye teknologikvardagen er om lag like høge for eit lite som for eit stort selskap, seier Svein Bergseth.

Fjelberg Kraftlag forsyner rundt 3000 innbyggjarar på Halsnøy, i Valen og Fjelberg, og hadde i fjor driftsinntekter på vel 31 millionar kroner. Årsoverskotet blei i fjor og i 2009 berga av utbyte på aksjar i Sunnhordland Kraftlag.

Kvinnherad Energi dekkjer resten av Kvinnherad, rundt 10.000 innbyggjarar, og hadde i 2010 driftsinntekter på 185 millionar ogg eit driftsoverskot på knapt 25 millionar kroner.