Konsulentselskapet Menon har rekna for å finne den totale sysselsetjings— og skatteverknaden av petroleumsverksemda i Noreg. Medrekna leverandørindustrien jobba nær 250.000 menneske i næringa i 2009, skriv dei i rapporten som blir lagt fram i dag på Norsk Industris Offshore Strategikonferanse i Stavanger.

Menon har rekna ut at om lag 40 prosent av statens skatteinntekter i 2009 kom frå petroleumsverksemda, anten det er skatt på oljesal eller på lønene til dei som jobbar i bransjen. Det utgjer 450 milliardar kroner.

I ei pressemelding frå interesseorganisasjonen Norsk Industri, som er oppdragsgjevar for rapporten, skriv dei at tala er å rekne som eit minimumsanslag.

Fordelt på fylke er ikkje uventa Rogaland og Hordaland dei viktigaste petroleumsfylka.