11. juni, då finansdirektør Kenneth Tunes vitja selskapet sin første borerigg ved breidda av Dødehavet, så alt lysande ut. Oljeprisen var rekordhøg og stigande, det same var riggratene — prisen for å leige slike boreriggar som Ability Drilling driv.

Den berande ideen bak det ferske Sotra-selskapet er at land i Midt-Austen og Nord-Afrika treng fleire boreriggar for å finne meir olje til ei stadig meir oljetørst verd.

No vil Ability Drilling kutte kostnader og utsette bygginga av fem nye riggar. Det varsla selskapet i går då det la fram eit underskot på 70 millionar kroner etter årets ni første månader.

Finansuroa har gjort det både dyrt og vanskeleg å få lån, seier Tunes. I tillegg trur selskapet at riggmarknaden mellombels kan bli vanskelegare på grunn av fallet i oljeprisen.

For halv maskin

Spørsmålet no er om oljenæringa vil vere ein buffer mot økonomiske nedgangstider, eller om også den blir smitta av finansuroa. Ikkje sidan 2002 har så mange oljepumper i verda gått for halv maskin som no. Den gong var oljeprisen nede i 25 dollar fatet.

I sommar nådde oljeprisen svimlande 146 dollar pr. fat. Spekulasjonane gjekk snarare på når prisen ville passere 200 dollar fatet, enn om den noko gong ville falle igjen. I dag er prisen kring 60 dollar fatet (sjå graf), og i alle fall på kort sikt er det større frykt for vidare nedgang enn håp om ny oppgang.

Finanskrisa har ført til ein nedtur i økonomien og dermed redusert etterspørselen etter olje. OPEC (Organisasjonen for oljeeksporterande land) har kutta i produksjonen for å hindre ytterlegare prisfall. Resultatet er at den ledige produksjonskapasiteten i verda har auka.

— Vi har fått eit ganske dramatisk fall i prisane på grunn av dette, seier seniorrådgivar Tor Kartevold i StatoilHydro.

Nye jobbar

Men prisfallet ser førebels ikkje ut til å slå ut i arbeidsmarknaden. I arbeidet med BTs artikkelserie Jobbskaparane i år er det nettopp i oljebransjen optimismen er størst.

Michelle Williams Hovda styrer den daglege drifta av Coast Center Base (CCB) på Ågotnes. Det er berre tre månader sidan ho byrja i jobben som operasjonssjef, og ho er alt i ferd med å tilsette tre nye folk.

Oljeprisfallet har ho ikkje merka noko til.

— Eg har ikkje sett at det har fått effekt her enno, seier Williams Hovda.

Prisfallet er ikkje eit tema, seier Tommy Sandvik. Han fekk fast jobb på CCB 1. august, etter å ha vore utleigd frå Adecco sidan desember.

— Vi har førebels masse å gjere.

Redningsbøye

— Eg trur vi skal vere veldig glad for at vi har ein oppegåande og konkurransedyktig olje- og gassindustri i desse vanskelege tider, seier bransjesjef Rolf Hestenes i Norsk Industri Olje & Gass.

Industrien som lever av oljeutvinninga, har selt for kring 200 milliardar kroner i fjor. Eksporten er auka; nesten halvpraten av inntektene kjem frå utlandet.

— Det er mange prosjekt og mykje arbeid. Leitekostnadene etter olje og gass ligg langt under 60-70 dollar fatet, så marginane er framleis tilfredsstillande, seier Hestenes.

Tvilar på 25 dollar fatet

Tor Kartevold i StatoilHydro vil ikkje gå med på at all den ledige produksjonskapasiteten tilseier at oljeprisen på ny skal falle til 25 dollar fatet, som i 2002. — Mange ting har endra seg sidan då, seier han.

Det er blitt meir krevjande å få ekstra olje i bakken fram til forbrukarane. Mangel på folk, utstyr og utbyggingskapasitet har pressa kostnadsnivået oppover. Kartevold meiner ekstrakostnadene ved å auke oljeproduksjonen vil vere ei sikring som stoggar prisfallet på eit høgare nivå enn i 2002. Og på lenger sikt trur Kartevold prisen vil stige, slik som også det internasjonale energibyrået (IEA) spår i rapporten World Energy Outlook 2008. IEA meiner gjennomsnittsprisen for olje vil liggje på 100 dollar fatet fram til 2015. Bør ikkje lenger ned

Prisfallet på olje er førebels ikkje stort nok til at oljebransjen set bremsene på. Men fell prisen meir, tek det til å nærme seg, seier adm.dir. Kurt R. Andreassen i Coast Center Base.

Ligg prisen over 60 dollar fatet, trur han det går bra. Fell den under, er han meir i tvil. Kjem den ned mot 50 dollar fatet, er det ikkje greitt.

— Den kan ikkje gå under 50, det trur eg er ei absolutt grense, seier Andreassen.

Om ikkje kundane har sett bremsen på, så er i alle fall Andreassen blitt meir varsam. Den største posten på investeringsbudsjettet i år var utviding av hamna for 80 millionar kroner. I førre månad avgjorde selskapet å utsetje utvidinga for å sjå situasjonen an.

— Finanssituasjonen og rentesituasjonen var medverkande til at vi tok den avgjerda, seier Andreassen.

I tillegg trur han det er lurt å vente fordi byggjekostnadane vil gå ned etter kvart som byggjeaktiviteten fell.

Ørjan Deisz