Nettbuss Ekspress AS — heileigd av NSB - er til vinteren klar med eit omfattande rutetilbod på strekninga Stavanger - Haugesund - Stord - Bergen, dersom løyvet går gjennom hos Rogaland fylkeskommune over sommaren. Det opplyser konsernsjef Arne Veggeland i Nettbuss AS.

Med rundt ein halv million reisande i året utgjer dette ein stor marknad, seier Veggeland.

Einerådande

Kystbussen - i dag eigd av Tide Buss og Boreal Transport Sør - har sidan starten i 1993 vore einerådande på distansen så å seia heile tida. Unnataket var perioden 2004 - 2006 då busselskapet Sverre Haga AS dreiv ekspressrute Sandnes - Bergen med langt færre avgangar enn Kystbussen.

Hagaexpressen slutta av etter eit økonomisk tap på opp mot to millionar kroner, ifølgje Haga.

Nettbuss, landets største busselskap, sende løyvesøknaden til Rogaland fylkeskommune 6.juni i år. Søknaden frå det nyoppretta dotterselskapet Nettbuss Ekspress er no på høyring, blant anna hos Hordaland fylkeskommune.

Samferdsleutvalet i Hordaland drøftar saka 22.august, ifølgje samferdslesjef Anne Iren Fagerbakke.

Selskapet skriv i søknaden at det er eit godt marknadsgrunnlag for to aktørar på ekspressbussdistansen Bergen - Stavanger, og poengterer at konkurranse vil vera positivt for kundane. Nettbuss lovar minipristilbod og komfortable bussar med blant anna gratis internett og straumuttak ved stolane.

Etablering i Bergen

— Vi har tenkt på ei ekspressrute her ei stund, og vi håpar å koma i gang seint i haust eller i vinter. I dag har Nettbuss ei lita avdeling i Stavanger. Vi vil måtta etablera oss med ei eiga avdeling i Bergen også, men vi får avventa løyvebehandlinga, seier Nettbuss-sjef Arne Veggeland.

— Dette blir spennande. Det er ei stund sidan vi hadde konkurranse på strekninga, men vi lever med å konkurrera kvar dag. Og det er fint visst det gagnar kundane, seier konsernsjef i Tide, Bjørn Ove Børnes. Han vedgår at Kystbussen etter nokre tapsår utvikla seg til ei rute med bra avkastning. Han nemner ikkje tal, og drifta av ekspressbussruta er uråd å lesa ut av årsrekneskap og årsmelding.

Kravd avvikla

Nettbuss var saman med Tide og Nor-Way Bussekspress i konkurransestyresmaktene og EFTA-overvakingsorganet ESA sitt søkelys i 2008 då det blei gjennomført rassia og undersøkt om samarbeidet mellom ulike ekspressbussaktørar var i samsvar med konkurransereglane. Både Tide Buss (Kystbussen) og Nettbuss er med i marknadsføringsselskapet Nor-Way Bussekspress, som representerer 25 ekspressbussruter i Sør-Noreg.

I november 2009 konkluderte ESA etter grundig gransking med at det ikkje kunne avdekkjast brot på konkurransereglane som gjeld ifølgje avtalen mellom EU og EFTA-landa Noreg, Liechtenstein og Island i Det europeiske økonomiske samarbeidsområde (EØS).

Konkurransetilsynet kravde likevel at Tide og Veolia (i dag Boreal) avvikla samarbeidet om Kystbussen. Fornying-, administrasjon- og kyrkjedepartementet har enno ikkje teke stilling til klagen frå Tide.

Grunngjevinga frå Konkurransetilsynet var at samarbeidet kunne føra til for høge billettprisar, og at kundane var betre tente med konkurranse på strekninga.

Hva synes du om at NSB ønsker å kjøre buss?