Det vart resultatet av torsdagens møte mellom NSB og Aurland Ressursutvikling AS.

— Vi er veldig glade for at vi kom i land. Nå har vi laga ein plattform for samarbeid i fleire år framover, seier styreleiar Ivar Bjarne Underdal i Aurland Ressursutvikling AS.

Sidan 1997 har dei, via dotterselskapet Flåm Utvikling, hatt ansvaret for marknadsføring og billettsal. Toglinja frå Myrdal ned til Flåm har utvikla seg til å bli ei gullgruve, med 30 millionar kroner i overskot i fjor. NSB har stått for drifta til kostpris, og dermed ikkje fått del i den gode økonomiske utviklinga.Det blir det nå slutt på, etter at avtalen gjekk ut på dato ved årsskiftet. NSB kjøper halvparten av aksjane i Flåm Utvikling, og går dermed igjen inn i drifta av banestrekningen som dei på 90-talet kvitta seg med etter eige ønskje.

— Vi betaler 10 millionar kroner for aksjane i Flåm Utviklling AS. Det tilsvarer 50 prosent av bokført verdi i selskapet, seier konsernsjef Geir Isaksen i NSB. Den nye avtalen skal vare i 15 år, fram til 2027.

Like vakkert på vinteren

Lokalt har det vore frykt for at NSB ville stikke av med pene overskot som dei siste åra har vore brukt på å utvikle reiselivet lokalt. Konsernsjef Isaksen meiner frykta er ugrunna.

— Med dagens møte har vi vist kor interesserte vi er i å utvikle Flåmsbana og Bergensbanen til å bli enda betre produkt. Det vil vi sjølvsagt bruke midlar på, og pløye pengar attende både i Flåmsbana og Bergensbanen, seier Isaksen. Målet er å få opp trafikken på Flåmsbana også utanom sommarsesongen.

— Naturen er like vakker vinterstid, rett nok med litt mindre lys, og bør kunne trekkje fleire turistar. Det må skje i eit samspel mellom det lokale reiselivet og NSB, seier Isaksen.

Deler inntekter og utgifter

NSB har gjort det klart at det må investerast fleire titals millionar kroner i Flåmsbana framover, blant anna på vogner og lokomotiv som dreg på åra. Desse kostnadane blir det Flåm Utvikling som må bere, ifølgje den nye avtalen.

— Vi må bu oss på å fornye utstyret. Partane skal vera samde om kva slags investeringar som skal gjerast, seier NSB-konsernsjef Isaksen. Styreleiar Ivar Bjarne Underdal i Aurland Ressursutvikling AS meiner det er rimeleg at både kostnader og inntekter blir delt.

— Vi har hatt nokre eksepsjonelt gode år. Produktet er godt, men vi meiner framleis det er mykje å hente. Det ligg i korta at partane framover både skal skape og dele resultata i fellesskap. Vi satsar på at begge partar vil bli nøgde med avtalen, seier Underdal.