I dag melder Aker Solutions i ei børsmelding at namnet pådet utskilde verftselskapet — der blant anna Stord-verksemdene er med - likevelikkje blir Aker Contractors som blei lansert før jul. Nyskapningen får namnetKværner etter det tradisjonsrike og kriseramma industriselskapet som Kjell IngeRøkkes Aker kjøpte opp og fusjonerte med tidleg på 200-talet.

Aker sidan 1956

Aker vil framleis vera hovudeigar i Stord-verftet ogsøsterbedrifter i Verdal og utlandet, slik det har vore sidan skipsreiar Fred.Olsen og hans Aker Mek. Verksted kjøpte seg inn i Stord Verft i 1956.

— Kværner-navnet representerer ein stolt historie iNordsjøen og i internasjonale marknader. Eg er stolt av at eit slikt kraftfulltnamn blir gjenintrodusert gjennom eit EPC-selskap med sterke vekstambisjonar.Eg ser fram til å vera ein del av å skriva det neste kapitlet iKværner-historia. Eg er overtydd om selskapets potensiale for framtiden, sierKjell Inge Røkke, hovudeigar i Aker ASA, og lovar å vera langsiktig investor inye Kværner.

Ikkje pågrunn av Carmen Aker

Med dette vedtaket slepp Aker Solutions namnekollisjon medCarmen Aker (48) og hans familieselskap Aker Contractors i byen Phoenixville iPennsylvania, USA. Faren Earl grunnla det vesle interiørselskapet for over 40år sidan, og Carmen Aker har sagt til Bergens Tidende at han har innstilt segpå å endra namnet for ikkje å bli ”overkøyrt” av eit stort internasjonaltindustriselskap med samme namn.

Geir Arne Drangeid, kommunikasjonsdirektør i Aker Solutions,seier til bt.no at det ikkje er av omsyn til Carmen Akers firma at det norskeverftsselskapet blir døypt Kværner.

— Vi har vore klar over det amerikanske selskapet,men det har ikkje vore noko problem med namnekollisjon då det ikkje handla omoverlappande verksemd. Vi skil no ut store prosjekt og bedrifter frå AkerSolutions. For å understreka at det heretter handlar om to ulike selskap – AkerSolutions og Kværner – då ville det vera sjølvmotseiande at begge haddeAker-namn, seier Drangeid.

Kjent i heile verda

Kværner har ein historie heilt tilbake til 1853, då det bleietablert i Kristiania som Kværner Brug. Kværner-gruppa gjekk inn i olje- oggassindustrien seint på 1960-talet, tok til med offshore-konstruksjonar på1970-talet, og var på 1990-talet ein internasjonal aktør innan skipsbygging,olje og gass, treforedling og papir, ingeniørtenester, bygg og anlegg.

Kjell Inge Røkkeovertok Aker i 1996, fusjonerte med Kværner for ti år sidan som Aker Kværner,som skifta namn til Aker Solutions i 2008.

— Kværner er kjent av både kundar og potensielletilsette i marknader i heile verda, heiter det i ei pressemelding frå AkerSolutions.

- Villehatt namnet

— Verfta på Stord og i Verdal har brukt Aker-namneti fleire tiår, og vi ville ha føretrekt å fortsetja denne tradisjonen. Viktigaster likevel dei lovnadane Aker ASA og hovudaksjonær Kjell Inge Røkke har gitt omå halda fram med å støtta og investera i verksemda vår. Vi ser fram til å byggjaeit framgangsrikt selskap saman med leiinga og eigarane, seier Atle Teigland,konserntillitsvalt og styremedlem i Aker Solutions.