• Slikt fekk ikkje vi driva med då eg var ung, sa Liv Signe Navarsete.

Kommunalminister Liv Signe Navarsete møtte ungt entreprenørskap, representert ved elevbedrifta STRUTS i Voss Kulturhus i ettermiddag.

— Dette er så desidert ikkje strutsepolitikk. Tvert om. Det er å sjå framtida rett inn i augene, seier statsråden til bt.no.

Ungdomsskulejentene har døypt elevbedrifta med forbokstavar i etternamna sine.

Toler vestlandsregn

Bak firmanamnet gøymer det seg ein produksjon av skuldervesker for laptop. Fasongen er stort sett den same, men fargar og stoff varierer. Du kan få dei i kvalitet som toler vestlandsregn, og insisterer du på eiga lomme for ladaren, kan det bli ei råd med det også.

— Slikt fekk ikkje vi driva med på skulen då eg var ung. Då pugga vi norsk og rekning og andre fag, og visste ingenting om korleis arbeidsplassar blir skapt, sa statsråden.

— Vi er heldige, samtykte dei føretaksomme vossajentene. Arbeidet med elevbedrifta gjer skulekvardagen greiare.

Verdifull opplæring

Kommunalministeren fortalde at Regjeringa vil satsa vidare på elevbedrifter. Det er ei verdfull opplæring. Særleg i bygder som Voss må ein skapa eigne arbeidsplassar.

Tre departement er med i eit spleiselag for ungt entreprenørskap, og 24 millionar kroner står til rådvelde.

Som takk for besøket fekk Navarsete overrekt ei laptopveske. Den skal registerast i departementet sitt gåveregister, forsikrar ho, men ikkje i «armbandregisteret».