Ei samla Senterparti-gruppe syt for at fylkestinget i Møre og Romsdal seier ja til sal av aksjeposten dei eig i transportkjempa Fjord1. Dermed er det duka for eit vidare spel om eigarskapen i konsernet: Blir det Havila AS som skal sikre seg 41 prosent av Fjord1, eller blir selskapet i framtida hundre prosent eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune?

Begge desse scennaria er moglege, etter at 31 av 46 på Fylkestinget i dag stemte for eit sal.

Møre og Romsdal eig Fjord1 saman med Sogn og Fjordane (41-59), og har forhandla fram ein kjøpsavtale med den Sævik-eigde verftsgruppa Havila. Salssummen er på 350 millionar kroner for aksjeposten. Ved opprettinga av Fjord1-konsernet tidleg på 2000-talet inngjekk dei to fylkeskommunane ein aksjonæravtale som inneber at begge partar har forkjøpsrett dersom den eine vel å selje sine aksjar i selskapet. Dermed får Sogn og Fjordane fylkeskommune no rett til å tre inn i Havila-bodet om dei ønskjer det.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane har allereie budd seg på denne situasjonen, og har nyleg oppretta eit nytt eigarselskap med tanke på å overta heile Fjord1. Hit vil fylket overføre heile sin aksjepost i transportselskapet. Deretter er planen å låne kjøpesummen til dei resterande 41 prosenta med tryggleik i aksjeposten selskapet allereie eig (59 prosent). Dersom fylkeskommunen stod som direkte eigar av Fjord-aksjane, ville kommunelova setje ein stoppar for denne måten å finansiere kjøpet på. Med eit heileigd aksjeselskap som Fjord1-eigar, går det greitt.

Etter at Møre og Romsdal har seld sine aksjar til Havila, har Sogn og Fjordane fylkeskommune ein frist på to månader på å eventuelt tre inn i bodet og dermed bli einaste eigar av transportkonsernet. Truleg blir dette avgjort på fylkestinget i Sogn og Fjordane i juni.