Også på Kvitebjørnfeltet er bremsene på. Det er grunnen til at Statoil i dag varslar at selskapet ikkje vil nå den planlagde olje— og gassproduksjon i år.

Produksjonskuttet fell ikkje i god jord hos aksjespekulantane. Aksjekursen i Statoil fell med nesten fire prosent i morgontimane.

Selskapet sitt mål var å pumpe opp gass og olje tilsvarande mellom 1925 og 1975 millionar fat olje. No er målet redusert til 1900 millionar fat. I vår måtte Statoil evakuere Gullfaks C-plattforma då gass strøymde opp av grunnen. Bellona meiner uhellet har klare fellestrekk med det som skjedde då under Deepwater Horizon-utblåsinga i Mexico-bukta i april. Statoil skriv i ei pressemelding at Poenget med å redusere produksjonen på Gullfaks og Kvitebjørn er å sikre nok trykk i reservoar slik at det kan borast fleire brønnar får å kunne ta ut meir av ressursane.

I dei ni første månadene i år har Statoil 386 milliardar kroner i driftsinntekter, 94 milliardar kroner i driftsresultat og 99 milliardar kroner i resultat før skatt.