I september i fjor fekk leiarar og styremedlemer i AGR Group og i dotterselskapet AGR Field Operations kjøpe seg inn i AGR Field Operations. Prisen var 17 millionar, etter salet til amerikanske Oceaneering får dei 55 millionar kroner tilbake. Det er ei avkastning på over 200 prosent på 14 månader.

For dagleg leiar Åge Landro i AGR Field Operations utgjer andelen av verdistigninga cirka 1,9 millionar kroner.

— Hyggjeleg, seier han.

Enda hyggjelegare er investeringa for konsernsjef Sverre Skogen og styreleiar Eivind Reiten i AGR Group. Dei har ein gevinst på knappe fem millionar kroner i vente.

Overraska

Fungerande hovudtillitsvald Tord Eirik Myrvang i AGR Field Operations trur ny eigar vil løfte selskapet. Men aksjeavtalen for leiinga er ukjent for han.

— Eg håpar dei er like medvetne på å ta vare på dei tilsette, som dei er på å ta vare på sine eigne investeringar, seier Myrvang.

Leiinga kjøpte seg inn i AGR Field Operations gjennom selskapet FieldCo Invest, som dei fekk kjøpe frå AGR Group for 17 millionar kroner. Kjøpet vart finansiert med eit lån frå AGR Group til åtte prosent rente. FieldCo Invest eig 5,5 prosent av AGR Field Operations, medan AGR Group eig resten.

AGR Group varsla i onsdag at det amerikanske selskapet Oceaneering kjøper dotterselskapet AGR Field Operations for 1,4 milliardar kroner. Avtalen er slik at AGR Group sit att med cirka ein milliard kroner etter at gjeld er gjort opp, og av dette skal FieldCO ha 5,5 prosent. Etter at lån og renter til AGR Group er betalt sit FieldCo Invest attende med cirka 38 millionar kroner, ifølgje finansdirektør Svein Sollund i AGR Group.

Aksjekjøpet i Fieldco Invest skulle gi leiinga noko å strekkje seg etter, ifølgje Landro.

— Utviklar ein eit selskap og får til eit sal, så skal ein ha ein del av kaka, seier han.

Lovar vekst

AGR Field Operations har spesialisert seg på inspeksjon og styring av vedlikehaldsarbeid på oljeinstallasjonar, både over og under vatn.

Halvparten av dei 800 tilsette arbeider i Noreg, og rundt 280 av desse på Straume i Fjell kommune og andre plassar i Hordaland, som oljebasane på Ågotnes og Mongstad.

Kjøparen, det børsnoterte amerikanske oljeserviceselskapet Oceaneering har hovudkontor i Houston, og har spesialisert seg på fjernstyrte undervassoperasjonar på oljeinstallasjonar på havbotnen.

Ein perfekt match, meiner Landro. Kort fortalt styrer Oceaneering inspeksjonsutstyret til AGR Field Operation. Og medan Oceaneering har sitt norske tyngdepunkt i Stavanger, er Bergensområdet tyngdepunktet for AGR Field Operations.

— Det er inga overlapping, alt utfyller kvarandre på ein fin måte. I den grad det blir endringar er det fordi vi får meir vekst og fleire arbeidsplassar, seier Landro.

Eit sal av heile eller deler av AGR Group har lege i korta heilt sidan eit investeringsfond under Altor Equity Group kjøpte seg inn i 2004. Investeringsfondet eig 77 prosent av AGR Group. Slike fond kjøper opp selskap, slår dei saman med andre, finansierer oppkjøp eller omorganiserer på anna vis, før dei sel seg ut og gir investorane pengane att og då helst med gevinst.

I august varsla AGR Group at selskapet hadde leigd inn meklarhuset Artic Securities for vurdere kva som skulle skje med AGR Field Operations, og onsdag kom altså svaret.