Etter ei årsomsetning på 903 mill kr, fekk konsernet SKL (Sunnhordland Kraftlag) i 2009 eit resultat etter skatt på 185 mill kr. Resultatet er 81,6 mill kr lågare enn i 2008.

Styret tilrår ovanfor generalforsamlinga ei utbetaling på til saman 138,9 millionar kroner til aksjonærane, BKK (33,4%), Finnås kraftlag (10%) og Haugaland kraft (40,50%) som er eigd av kommunane Sveio, Tysvær, Haugesund og Karmøy.

Det er investert 65 mill kr i finansielle investeringar som deltaking i Vestavind Offshore AS og investeringar i fleire småkraftselskap. For breiband vart det gjennom året investert 22 mill kr og for naturgass 17 mill kr.

Her er regnskapet til SKL for 2009:

2009 2008
Inntekter 902603 964856
Driftsresultat 410260 568127
Resultat før skatt 394795 549570
(Alle beløp i 1000 Kr.)