— Ei merkeleg sak, dette. Eit lite mysterium som forvirrar oss ein del, seier Tjerand Espeland, organisasjonssjef i Sunnhordland Kraftlag (SKL). Selskapet eig luftspennet over skipsleia Langenuen mellom Tysnes og Stord, der ein kabel i fjor vinter måtte reparerast for nær ein million kroner.

Tidleg på morgonen den 4.september 2009 blei det frå Haakonsvern meldt inn til Hordaland politikammer at eit dansk militærfartøy på øving i Noreg hadde varsla om ein mogeleg samanstøyt mellom skipets helikopter og eit luftspenn. Helikopteret fekk ein mindre skade i fronten. Oppgitt posisjon stemte med det 300 kilovolts fjordspennet som går over Langenuen ved Jektevik på Stord. Politiet varsla vidare til BKK, som ikkje avdekte nokon skade på sine luftspenn. Seinare blei det avklart at det er SKL som eig linene over Langenuen.

Ikkje dokumentert

— Og ganske rett, vi kontrollerte luftspennet og konstaterte at det var oppstått ein skade der, seier Tjerand Espeland i SKL.

Kraftselskapet har seinare prøvd å få skadevaldaren til å erstatta kostnaden med å reparera luftspennet, men har ikkje lukkast. SKL har no innstilt seg på å ta kostnaden sjølv, fordi Forsvaret ikkje har dokumentert samanheng mellom skaden og oppgitt posisjon for det danske helikopteret.

-Vi har nyleg hatt ein siste gjennomgang av saka etter nye førespørslar til politiet. Det viser seg at Forsvaret har ein annan posisjon for det danske helikopteret enn det som først var oppgitt. Dermed ser dette ut til å enda opp slik det ofte gjer med skader på anlegga våre; mangel på bevis, seier Tjerand Espeland.

Kutta spennet i 59

Skaden på det 2300 meter lange spennet over Langenuen kom om lag femti år etter at to jagarfly frå Luftforsvaret kolliderte med og kutta linenettet. I tillegg til store skader på flya, resulterte samanstøyten den gongen i at straumforsyninga til Ytre Sunnhordland var borte i åtte dagar.

Lokaliseringa av skaden til Langenuen i 2009 gjorde at saka blei sendt over frå Hordaland til Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Elisabeth Harkestad ved Hordaland politikammer stadfestar at saka er oversendt, og at det er laga ein rapport som ikkje er offentleg. Ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt lukkast det ikkje Bergens Tidende i går å henta fram siste status i saka.

Orlogskaptein Audun Skauby ved Haakonsvern orlogstasjon seier at det var han som fekk telefonen frå det danske fartøyet om at eit helikopter hadde hatt ein mogeleg kollisjon med eit luftspenn.

— Danskane var i kontakt med oss fleire gonger seinare og spurte om det var funne skader på luftspennet. Vi kontakta både politiet og BKK, som ikkje hadde indikasjon på nokon skade, seier Skauby, som seier at saka gjekk vidare til Forsvarets fellesoperative hovudkvarter i Bodø. På grunn av situasjonen i Libya og den norske innsatsen der, har det så langt vore uråd for hovudkvarteret å opplysa nærmare om den interne saksgangen i Forsvaret.

LUFTIG: Skaden på luftspennet 150 meter over Langenuen blei reparert av to mann frå Istad Energimontasje ved hjelp av ei arbeidstralle og Airlift sitt Super Puma-helikopter. FOTO: Airlift
AIRLIFT