Hydro vurderer no store oppgraderingar ved aluminiumverka i Høyanger, Årdal og på Karmøy. Samstundsen snakkar dei ope om at sjansen er god for investeringar i ny kapasitet.

På alle dei tre stadane ligg tomtene klare.

Vi trur Norge vil bli eit svært gunstig land for å drive aluminiumpresentasjon, sa Hydrodirektør Svein Rickard Brandtzæg då Hydro i går presenterte ein analyse for utviklinga av aluminiumindustrien i landet.

Eit stort framtidig kraftoverskot vil gjere at Norge får tilbake det konkurransefortrinnet kraftkrevjande norsk industri har hatt.

Straum vil bli billegare i Norden enn i landa vi konkurrerer med. Samstundes trur Hydro på at det særeigne påslaget for karbondioksyd som finst i Europa, vil forsvinne. Anten vil EU fjerne det, eller så vil resten av verda følgje etter. Skjer dette vil berre Midt-Østen ha like billeg kraft som Norge.

Les meir om korleis Hydro vurderer framtida for aluminiumsindustrien på Veslandet i morgondagens papirutgåve.