• LÅGARE INNTEKT: Folk flest vil få høgre disponibel inntekt som følgje av kuttet i styringsrenta, og det vil skje ganske raskt, ifølgje risikoanalytikar Jørgen Gudmundsson i Sparebanken Vest. Timinga er derimot ikkje særleg god, om ein berre ser på renteeffekten isolert sett.- Lønsveksten vil nok synka meir enn gevinsten frå renteeffekten, seier han. FOTO: SPV

Meiner renteeffekten barberast

Mager lønsvekst vil leggja ein dempar på det som truleg vert rekordlåg rente, meiner analytikar.- I sum er ikkje dette godt nytt for folk flest, seier Jørgen Gudmundsson.