Regjeringa og LO har seg sjølv å takke, når norske bedrifter no går nye vegar for å sleppe å betale norsk tariffløn til innleigd, utanlandsk arbeidskraft.

— Implementeringa av vikarbyrådirektivet i Noreg har gått alt for fort, seier adm. direktør Stein Lier-Hansen i arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk Industri.

— Lovproposisjonen til Stortinget etterlet seg alt for mange spørsmål uavklart. Vi har heile tida åtvara mot at det rettsleg dårlege lovforarbeidet skapar rom for mange kreative løysingar som ikkje var meininga, meiner han.

- LO er medskuldig

Arbeidsgjevarane gjekk i fjor haust i strupen på regjeringa, fordi dei ikkje ville innføre reglar som gjorde at innleigd, utanlandsk arbeidskraft kunne lønast lågare enn norske arbeidstakarar.

LO applauderte regjeringa. Lier-Hansen meiner dei ikkje har grunn til å aksjonere mot bedrifter som Sekkingstad, som omgår direktivet ved å setje ut drifta til eit polsk selskap.

— Eg tykkjer ikkje LO skal skyte på bedrifta gjennom aksjonar, men tenkje om dei har bidrege til å gjere det så komplisert at bedrifter må gå inn på slike ting som dette, seier han.

Fleire kreative løysingar

Lier-Hansen trur fleire kan velje ein entreprisemodell, som den Sekkingstad har vald.

— Eg vil tippe det kan vere løysinga for denne typen bedrifter, som har veldig rutinemessig arbeid og prosedyrar. Eg trur det er vanskelegare for store bedrifter som driv med engineering og mykje spesialisert fagarbeid. For dei er det gjerne enklare å leggje produksjonen til ein lokasjon dei eig i utlandet, seier han.

Frå fleire hald får BT stadfest at norske bedrifter aktivt diskuterer andre alternativ for å sleppe å betale norske lønningar til innleigde, utanlandske arbeidarar.

Ei løysing kan vere å definere alle utlendingane inn i eigne, låglønsgrupper, til dømes bruke lønsskilja mellom hjelpearbeidar, spesialarbeidar og fagarbeidar.

Norsk Industri vil likevel ikkje tilrå medlemmene å gå inn på dette.

— Vi kan ikkje tilrå tilpassingar som i ettertid viser seg ikkje å halde i retten, seier han.

Ein hovudgrunn til det er at det frå 1. juli blir innført eit såkalla solidaransvar. Det betyr at norske arbeidsgjevarar blir ansvarlege viss innleigde arbeidarar tilsette i bemanningsbyrå ikkje får den løna dei har krav på.