Fana Sparebank hadde i fjor eit overskot på 88,4 millionar kroner, etter tap og skatt var trekt frå. Det er 34 millionar meir enn i 2011.

Den såkalla rentenettoen (renteinntekter minus renteutgifter) var på 231 millionar, ein auke på 25 millionar frå året før.

I ei pressemelding karakteriserer banksjef Nils Martin Axe sjølv resultatet for konsernet som «meget tilfredsstillende».

Som grunngjeving for denne gleda viser dei òg til at marknadsverdien til obligasjonsporteføljen til banken har auka kraftig. Fana Sparebank har no ein forvaltningskapital på 17 milliardar kroner.