Rosali Da Silva og Anders Svedhaug fekk i fjor haust ein gut på Nordfjord sjukehus. Fordi mor ikkje har opphaldsløyve, måtte dei betale for fødselen. Rekninga kom på 37.000 kroner.

— Det er slik det fungerer så lenge personene ikkje har opphaldsløyve, seier kommunikasjonsrådgjevar i Helse Førde, Finn Ove Njøsen, til Fjordenes Tidende.

Måtte låne

Brasilianske Rosali og måløyværingen Anders møttest i Balestrand då ho var på besøk hos søstera. Rosali hadde då eit tre månaders turistvisum. Før det var gått ut, søkte ho norsk statsborgarskap. Dermed kunne ho vere i landet til søknaden blei avgjort. Søknaden enda med avslag, men ho har no klaga på avgjerda.

Då Rosali blei gravid, fekk paret informasjon om at dei måtte betale for fødselen. Rekninga som kom etter at sonen Nikolai kom til verda på Nordfjord sjukehus 12. september i fjor, var på 37.000 kroner. Det unge paret måtte låne pengar for å betale rekninga.

- Streng tolking

— Om vi skulle prøvd saka for retten ville det kosta oss bortimot 40.000. Sjanse for å vinne ville vere liten. Det må ei lovendring til for å endre dette systemet, seier Svedhaug.

Advokat Jan E. Holvik meiner Helse Førde har lagt seg på ei streng tolking av lova:

— Ein person som flyttar til Norge er å rekne som busett i landet frå innreisedato. Då har denne personen også rett til helsetenester. Helse Førde tek i bruk eit unntak frå folketrygdlova som seier at desse rettane først kjem i bruk når ein person har fått opphaldsløyve.

Folketrygda

Svaret frå Helse Førde er at dei har rådført seg både med UDI, Helsedirektoratet, Helse- og omsorgsdepartementet og Helse Sør-Østs kontor for utanlandssaker.

— Alle konkluderer med at paret må betale for fødselen. Mor har opphalde seg lovleg i landet, men det er ikkje gjort vedtak om opphaldsløyve. Av den grunn bli ho ikkje rekna som medlem av folketrygda, seier Finn Ove Njøsen.

Om mor hadde vore norsk og far brasiliansk, ville det vore annleis. Då ville mor vore medlem av folketrygda, og det ville ikkje blitt stilt krav om betaling.