Marine Harvest har alliert seg med forskingsinstituttet Nofima og fôrprodusenten Felleskjøpet Rogaland Agder for å kunne starte eit nytt norsk laksefôrselskap.

Dyrt med fôr

Målet er ein fabrikk som skal produsere 500.000 tonn i året, nesten dobbelt så mykje som Marine Harvest treng til eige bruk i Norge. Avgjerda om å byggje fabrikken er ikkje teken, men selskapet har alt sikra seg tomt i Bjugn i Sør-Trøndelag.

Fôrkostnadene utgjer rundt halvparten av kostnadene i lakseoppdrett, og Marine Harvest-sjef Alf Helge Aarskog seier i ei pressemelding at han trur eit laksefôrselskap i eigen regi kan styrkje lønsemda i selskapet.

Meir konkurranse

Laksefôrbransjen har i mange år vore fullstendig dominert av tre selskapa, Ewos, Skretting og BioMar. Dei er størst, både i Noreg og i resten av verda.

Ewos er eigd av det statsdominerte norske oppdrettsselskapet Cermaq, medan det nederlandske fôrselskapet Nutreco eig Skretting. BioMar er eigd av det danske industriselskapet Schouw & Co.

Før John Fredriksen samla Fjord Seafood, Pan Fish og Marine Harvest til eitt selskap – med namnet Marine Harvest – var Marine Harvest eigd av Nutreco.

Då Fredriksen tok over, vart fiskefôrproduksjonen verande hos nederlendarane. No kan dei få konkurransen frå sitt tidlegare oppdrettsselskap.