Etter dagens thriller av ein generalforsamling i Cermaq er det klart at Marine Harvest, kjem til å by på alle aksjane i Cermaq. Det einaste vilkåret for å kjøpe er at minst 33,4 prosent av aksjonærane seier ja takk til bodet.

Å dømme etter utfallet på generalforsamlinga, er det sannsynleg av Marine Harvest og storaksjonæren John Fredriksen får ja frå tilstrekkeleg mange aksjonærar.

Striden i på generalforsamlinga stod om Cermaq skulle kjøpe full kontroll i det peruvianske fiskeindustriselskapet Copeinca for 3,5 milliardar kroner. Ein god avtale som ville sikre Cermaq tilgang til viktige ressursar til fiskefôrproduksjonen sin, meinte Cermaq.

Ein dårlege og alt for dyr avtale, meinte Marine Harvest, og varsla at det ikkje blir noko bod på Cermaq dersom ikkje kjøpet av Copeinca blei avlyst.

Marine Harvest måtte ha minst ein tredjepart (negativt fleirtal) for å stogge Cermaq sitt kjøp av Copeinca. Det gjekk med god margin, eigarar av 37,52 prosent av aksjane som var representert på møtet stemte nei.