Då tilbodsfristen gjekk ut klokka 0900 i dag, 21. juni, hadde Marine Harvest ikkje nådd målet om å få hand om minst 33,4 prosent av aksjane i fiskefôr— og oppdrettselskapet Cermaq. Dermed trekkjer Marine Harvest bodet, ifølge ei børsmelding. Planen om å slå saman Marine Harvest og Cermaq til verdas største oppdrett- og fiskefôrselskap har falle i fisk. Maktkampen med storaksjonæren Nærings- og handelsdepartementet enda i departementets favør.

Men styreleiar Ole-Eirik Lerøy i Marine Harvest held døra på gløtt for at kampen om Cermaq ikkje er over.Marine Harvest, som eig 5,44 prosent av Cermaq, har tidlegare sagt at selskapet vil selje seg heilt ut av Cermaq dersom det ikkje fekk kontroll over ein tredjedel av aksjane.

Den utsegna vil Lerøy ikkje lenger stadfeste er gjeldande. Han vil heller ikkje avkrefte at Marine Harvest kan kome attende med eit høgare bod.

— Det er sånne spekulasjonar eg ikkje kan kommentere, seier Lerøy.

Bodet for lågt

Marine Harvest sitt bod var 104 kroner per aksje i Cermaq.

Nærings— og handelsdepartementet, som eig 43,54 prosent i Cermaq meiner bodet er for lågt, og inviterte i går, torsdag 20. juni, Cermaq-aksjonærane til å selje til dei i staden. Målet for departementet er å auke sin eigarandel til mellom 55 og 65 prosent. Departementet har lagt opp til ein litt uvanleg bodrunde. I staden for å by ein pris, inviterer departementet i staden seljarane til å sette prisen dei vil selje til.

Reduserte kravet

Kampen om Cermaq starta med at Marine Harvest, verdast største lakseoppdrettselskap, tysdag 30. april, baud på alle aksjane i selskapet. Vilkåret var at Marine Harvest skulle få hand om minst 50 prosent av aksjane, og at Cermaq avlyste det planlagde kjøpet av det peruvianske fiskeindustriselskapet Copeinca.

Styret i Cermaq meinte Copeinca-kjøpet ville gitt Cermaq tilgang til viktige fiskeressursar til fiskefôrproduksjonen sin, og at handelen ville vere lønsam for Cermaq. Det var Marine Harvest ikkje samd i, og vann fram på ei ekstraordinær generalforsamling i Cermaq. Copeinca-kjøpet blei avlyst.

Men siger på generalforsamling var ikkje nok. Styret i Cermaq vende tommelen ned for bodet frå Marine Harvest, og styreleiar Ole-Eirik Lerøy måtte innsjå at Marine Harvest ikkje kom til å få kjøpt statens aksjar så lenge styret i Cermaq ikkje ville støtte bodet. Marine Harvest ville likevel ikke gi opp, og onsdag 5. juni reduserte kravet til kor stor del av Cermaq-aksjane Marine Harvest måtte få hand om frå 50 til 33,4 prosent.

Dermed la Marine Harvest opp til ei langvarig tautrekking mellom seg og staten, og den andre store eigaren i Cermaq. Men no er kampen over, i alle fall i denne omgang.