Havforskningsinstiuttet har nettopp lagt fram dei førebelse resultata frå lakselusovervakinga i Sør-Noreg.

I starten av juni hadde 60 prosent av den utvandrande smolten forskarane fanga i Hardangerfjorden over ti lus på seg, som vert rekna for grensa for kva fisken kan tole utan å stryke med.

Snyltar

Lakselus er ein krepseart som snyltar på fisken. Den finst i naturen, men har fått langt fleire vertar å snylte på etter kvart som oppdrettsnæringa har vakse seg stor.

Forskarane byggjer sine konklusjonar på tråling etter smolt, teljing av lus på smolt som står i bur i sjøen, garnfangst av sjøaure og teljing av sjøaure som vender attende til ferskvatn i elvane for å bli kvitt lakselus, i staden for å gå i sjøen og beite.

Smolt er ung laks som vandrar ut av elvane for å vekse seg stor til havs. Etter eitt eller fleire år vender fisken attende til elvane for å gyte. I fleire år har oppdrettsnæringa satsa på avlusingstiltak i oppdrettsanlegga om våren for å redusere lakselusmengda så mykje som råd i den tida laksesmolten vandrar ut.

Alle målemetodane peikar i retning av mykje lus, og at luseoppblomstringa kom tidlegare enn før, alt i midten av mai.

Indre strok

Men luseoppblomstringa er ulikt fordelt.

Det er funne mykje lus i indre Hardanger, mest i midtre delar av fjorden og lite i ytre delar av fjorden. Hardanger peikar seg ut som det verst råka området, men også i ytre delar av Trondheimsfjorden er det funne svært mykje lus på fisken.

"Så langt tyder det på at 2011 kan bli eit år med svært høgt infeksjonspress langs store deler av Vest— og Midt-Noreg. Dette vil sannsynlegvis bryte med regjeringa sitt mål for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring", skriv Havforskningsinstituttet i rapporten som blir lagt fram i dag.