-
LUSELAKS: Lusemengden på laksen har blomstret opp.FOTO: BT
Lusealarm frå havforskarane
Frå midten av mai svinga lakselusmengda i deler av Hardangerfjorden seg opp til alarmerande høgder. I strid med regjeringa sitt mål for ei berekraftig oppdrettsnæring, fryktar forskarane.
AV: ogne øyehaug
Les også:
Havforskningsinstiuttet har nettopp lagt fram dei førebelse resultata frå lakselusovervakinga i Sør-Noreg.
I starten av juni hadde 60 prosent av den utvandrande smolten forskarane fanga i Hardangerfjorden over ti lus på seg, som vert rekna for grensa for kva fisken kan tole utan å stryke med.
Snyltar
Lakselus er ein krepseart som snyltar på fisken. Den finst i naturen, men har fått langt fleire vertar å snylte på etter kvart som oppdrettsnæringa har vakse seg stor.
Forskarane byggjer sine konklusjonar på tråling etter smolt, teljing av lus på smolt som står i bur i sjøen, garnfangst av sjøaure og teljing av sjøaure som vender attende til ferskvatn i elvane for å bli kvitt lakselus, i staden for å gå i sjøen og beite.
Smolt er ung laks som vandrar ut av elvane for å vekse seg stor til havs. Etter eitt eller fleire år vender fisken attende til elvane for å gyte. I fleire år har oppdrettsnæringa satsa på avlusingstiltak i oppdrettsanlegga om våren for å redusere lakselusmengda så mykje som råd i den tida laksesmolten vandrar ut.
Les også
Indre strok
Men luseoppblomstringa er ulikt fordelt.
Det er funne mykje lus i indre Hardanger, mest i midtre delar av fjorden og lite i ytre delar av fjorden. Hardanger peikar seg ut som det verst råka området, men også i ytre delar av Trondheimsfjorden er det funne svært mykje lus på fisken.
"Så langt tyder det på at 2011 kan bli eit år med svært høgt infeksjonspress langs store deler av Vest- og Midt-Noreg. Dette vil sannsynlegvis bryte med regjeringa sitt mål for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring", skriv Havforskningsinstituttet i rapporten som blir lagt fram i dag.
Les også
Siste fra Økonomi
Mest lest på økonomisiden
Rekrutteringsselskaper
Valutaer, børser og olje
| Valuta | +/- | Siste |
|---|---|---|
|
|
-0,01 | 6,02 |
|
|
+0,00 | 0,84 |
|
|
-0,03 | 7,53 |
|
|
-0,03 | 9,42 |
| Børs | +/- % | Siste |
|---|---|---|
|
|
+0,09% | 392,17 |
|
|
-0,23% | 12 502,43 |
| Olje | +/- | Siste |
|---|---|---|
| Nordsjø | +0,43 | 106,98 |
I tre generasjoner har selskapet vært synonymt med kvalitet og service i verdensklasse. Les mer
Store kontraktstildelinger gir rekordvekst for Aibel. Les mer
Verdensledende leverandør av spesialisttjenester innen ulike strukturanalyser Les mer
Høyere energieffektivitet og redusert miljøpåvirkning Les mer
Økonomiforum gjør omfattende regnskap enklere for din virksomhet Les mer
Aker Solutions – forlenger levetiden av olje- og gassinstallasjonene i Nordsjøen Les mer
Rekordvekst i aktivitet og ansatte Les mer


