På lengre sikt snakkar franskmennene om over det doble av både produksjonsvolum og tal tilsette.

Som Bergens Tidende skriv i dagens avis, har SJI allereie sikra seg avtalar om levering av to typar hybridhjul til tyske Audi.

SJI legg opp til ei gradvis opptrapping av produksjon og arbeidsplassar, melder Innovasjon Norge i ei pressemelding.

Første oppskalering skjer i 2013 med 70 arbeidsplassar og produksjon av 200 000 felgar.

Og går ting etter planen, skal verksemda vere oppe i 500.000 felgar og 150 tilsette i 2015.

Hybrid

Denne opptrappinga føreset monalege investeringar på rundt 120 millionar kroner i perioden 2011 — 2015.

Franskmennene har såleis lagt ein offensiv langsiktig plan for satsing på felgproduksjon ved fabrikken i Høyanger, skriv Innovasjon Norge, som sat på eigarrettane til hybridpatentet etter Fundo-konkursen i 2009. No har dei seld patentet vidare til franskmennene.

Tyske Audi var i ei årrekkje blant dei viktigaste kundane til Fundo Wheels i Høyanger, felgprodusenten som gjekk konkurs tidleg i 2009.

Den tyske bilgiganten har så stor tru på den Fundo-utvikla hybridfelgen at dei vil kjøpe to versjonar av hjulet frå franskmennene som no eig patentet - allereie før bedrifta har reetablert seg i Høyanger.

Aldri hjul tidlegare

Det franske Saint Jean-konsernet er frå før tungt inne i bilindustrien, og leverer blant anna motorkomponentar og forstillingsdelar til nettopp Audi. Selskapet har kompetanse på metallurgi og støyp, men har aldri før produsert bilhjul.

På ein pressekonferanse i Høyanger i dag fortalte styreformann Emile Di Serio i det familieeigde selskapet om planane for utviklingsprosjektet rundt ny felgproduksjon i Høyanger.

— Då utstyret etter Fundo vart seld ut på auksjon, hadde franskmennene allereie sikra seg det viktigaste og mest sentrale produksjonsutstyret for hybridfelgen, fortel ordførar Kjartan Longva i Høyanger.

Det er kommunen som eig produksjonslokala, som skal leigast ut til franskmennene på ein 18 års kontrakt.

Då Fundo Wheels gjekk over ende, sat Høyanger kommune på ein stor eigarpost.

— Denne gongen har vi ingen ting med sjølve produksjonen og selskapet å gjere. Vi er berre utleigar av Hjetland Industripark, seier Longva, og legg til at Saint Jean også har opsjon på å kjøpe lokala.

Lokal fabrikksjef

På pressekonferansen presenterte styreformann Di Serio også fabrikksjefen for det nye felganlegget i Høyanger.

Det franske selskapet skal ha lagt vekt på å få ein person med erfaring frå bransjen, og med lokal tilknyting.

Valet fall på Ståle Thorbjørnsen (55), tidlegare avdelingsleiar ved Fundo Wheels. Han var tilsett i bedrifta i 31 år.

- Langt betre marginar

Då BT intervjua han i samband med Fundo-konkursen i februar 2009, var det ein desillusjonert Thorbjørnsen som snakka:

— Produsentar i Kina og Aust-Europa pressar marknaden. Ta eit Audi-hjul som døme. Vi har produsert det same hjulet i ti år. No på slutten fekk vi mindre betalt for kvart hjul enn da vi starta for ti år sidan. Då seier det seg sjølv at ting ikkje heng saman, sa han blant anna.

Når vi no snakkar med han, er stemninga litt annleis:

— Utgangspunktet blir eit anna når vi berre skal satse på vårt unike, patenterte hjul, seier Thorbjørnsen. - Det blir ein utviklingsprosess med små volum i starten, men vi har fått kontrakt med Audi på to typar hjul. Vi snakkar om langt betre marginar enn på konvensjonelle aluminiumshjul, men samstundes langt meir komplisert produksjon.

På språkkurs?

Thorbjørnsen legg ikkje skjul på at han er glad for det som no skjer i Høyanger. Inntil vidare er han einaste tilsette i det norske aksjeselskapet som dei franske eigarane oppretta no i sommar.

— Vi har så smått starta arbeidet med den første av dei to hjulmodellane til Audi, fortel han. - Her er det andre som sit på gjerdet og følgjer med, så dette kan bli veldig spanande dersom vi får det til slik vi ønskjer.

Thorbjørnsen er optimist, men strekar under at alt avheng av kor vellukka den vidare utviklinga av hjulpatentet blir.

— Dette vil avgjere kva omfang og volum vi snakkar om framover, seier han.

— Eit fransk konsern dette. Har du lært deg språket?

  • Nei, det har eg ikkje. Men ein del av dei snakkar heldigvis brukbart engelsk. Men kanskje må eg ta eit språkkurs, smiler han. Tror du Fundo overlever? Sei meininga di!