Sist november vann Anlaug Fjelde Moen 11,5 millionar kroner i Viking Lotto. Fjorårets tippegevinst fører den 40 år gamle kvinna rett inn på formuetoppen i sognekommunen. Registrert formue var knappe 5,8 millionar for 2002.

Høyanger-kvinna har heile tida konsekvent nekta å stå fram i media.

— Vi skal leve som vanleg etter dette også. Men heilt vanleg blir det vel kanskje ikkje, sa ho til Bergens Tidende nokre timar etter at ho hadde fått vite om storpremien.

Høyanger-kvinna vann førstepremien etter at ho dagen før trekninga nærast blei lokka til å kjøpe to kupongar av ein ekspeditør på Narvesen-kiosken i bygda. Gevinsten på 11,5 millionar kroner var den gongen den fjerde største i landet, og klart største enkeltgevinst i Sogn og Fjordane gjennom tidene.