Kværner Stord har oppdrag nok to år fram i tid, men girar kraftig om for å stå sterkare i konkurransen med offensive asiatiske verft. Den nye traverskranen til 350 millionar kroner — Nord-Europas største - er eit nøkkelverktøy i kampen for å vinna framtidige offshorejobbar.

Kranen viktig, men...

— Kranen er eit viktig verktøy, men det er de som står her som skal sikra framtida vår, sa administrerande direktør Steinar Røgenes til dei verftstilsette som samla seg rundt "Storen" - nyekranen - til dåpsseremoni onsdag.

— Dette er ein stor dag for verftet, for Kværner, for norsk leverandørindustr, for lokalsamfunnet, ja faktisk for heile landet. Ingen andre norske verft investerer heftigare enn oss. Det viser at vi har stor tru på det vi gjer og på framtida, sa Steinar Røgenes, med Kværner-konsernets toppsjef Jan Arve Haugan og styreleiar Leif Arne Langøy ved sida av seg.

Knust på første forsøk

Stord-ordførar og gudmor Liv Kari Eskeland knuste sjampanjeflaska i første forsøk mot eine beinet til den blå kranen som ruver 115 meter høgt og 153 meter breitt, og med ein løftekapasitet på 800 tonn.

"Storen" debuterer på nyåret når dekket til Edvard Grieg-plattforma skal setjast saman. Dermed blir gamlekranen "Goliat" pensjonert og demontert etter over 40 års teneste på verftet.

— "Storen" effektiviserer måten vår å jobba på. Eg vil personleg bli veldig skuffa om han etter kvart ikkje også vil føreta Johan Sverdrup-løft for Statoil, sa direktør Steinar Røgenes. Han sikta til gigantfeltet i Nordsjøen som skal utvinnast frå 2018, og som før det vil gi store oppdrag til leverandørindustrien.

DÅP: Stord-ordførar Liv Kari Eskeland er gudmor for Kværner Stords nye, 115 meter høge traverskran Storen. Her med adm. dir. Steinar Røgenes og prosjektleiar Tessa Leander.
Ove A. Olderkjær