Første leveransen til vindmølleparken i Fitjarfjellet er komen sjøvegen til Stord. På dekket til lastebåten ligg seks propellblad som skal på land på Norsea sitt kaianlegg Stordbase på Eldøyane. Kvart blad er 44 meter langt og veg nærmare ti tonn, og er ein ny type gods lossa på offshorebasen utanfor Kværner Stord.

I august skal dei enorme vindmølledelene køyrast til Midtfjellet i Fitjar som spesialtransport om natta for seinare å bli Hordalands først vindkraftanlegg.

44 vindturbinar

Før den tyske produsenten Nordex har levert samtlege 44 vindturbinar til Midtfjellet Vindkraft si to-fasa utbygging, vil over 20 skipslaster ha kome frå Kontinentet til Stord.

Vindparken sin byggeleiar, Sigve A. Martinsen var på plass på Eldøyane under første lossing tirsdag kveld, og såg til at svære byggeklossar kom trygt i land.

Alt 20.august skal første turbintårn vera ferdig montert i fire deler oppå kvarandre, med rotorblad og generator plassert på toppen. Ein luftig konstruksjon som stikk i alt 125 meter til vêrs, og som frå den datoen kan produsera den aller første vindkrafta i eit anlegg som fullt ferdig i 2014 vil stå for ein årsproduksjon på 350 GWh, tilsvarande kraftforbruket til 17.500 norske husstandar. Ei ny 300 kilovolt kraftline er nyleg spent over Fitjarfjellet til Børtveit ved Jektevik for å ta unna vindkrafta.

Nær 80 i arbeid

Sidan i fjor haust har nær 80 personar arbeidd ved Midtfjellet ovom Fitjar sentrum med å byggja møllefundament, transformatorstasjon og 27 km ny veg for Midtfjellet Vindkraft, eit lenge planlagt og lokalt omstridd prosjekt der eigarane Fitjar Kraftlag, Østfold Energi, Vardar og EB Kraftproduksjon investerer nærmare halvannan milliardar kroner.

Etter ein tidlegare avtale med Fitjar kommune skulle vindmølledelene frå Tyskland bli skipa til den kommunale næringskaien i Årskog nedanfor Fitjar Kraftlag sitt administrasjonsbygg. Men ein flytedokk som havarerte ved kaien for to år sidan, ligg framleis og blokkerer for større skip. Forholdet har ført til ein juridisk strid mellom dokkeigaren, forsikringsselskapet og kommunen. Ordførar Wenche Tislevoll håpar at flytedokken blir fjerna til andre byggjesteg startar på Midtfjellet vindpark neste år. Vindkraftselskapet har på si side sikra seg avtale med Stordbase om at importen av turbindeler kan gå via Eldøyane heilt til Midtfjellet er fullt utbygt.