Hugsar du fredag 24. oktober i fjor? Det var den dagen då det falt aller mest nedbør i 2014 — heile 76,6 millimeter.

Vanlegvis tyder slike regnfulle dagar at pengane klingar i kassa til BKK, men ikkje viss straumprisane er for låge.

Strauminntektene falt

Kraftselskapet produserte nær sagt ein heil terrawatt-time meir i 2014 enn året før - frå 6,2 til 7,1 terrawatt-timar. Til samanlikning er den totale straumproduksjonen i Noreg på ca. 120 terrawatt-timar i eit normalår.

Kraftselskapets betydelege vekst gav derimot ein relativt liten effekt. Områdeprisen for straum låg i fjor på 22,7 øre/kWh mot 29,2 øre/kWh i 2013.

— Prisane var så mykje lågare, at inntektene frå straumproduksjonen faktisk var mindre enn året før, seier konsernsjef Atle Neteland.

Kraftselskapet naut likevel godt av eit solid overskot på 775 millionar kroner, opp 88 millionar kroner.

At botnlinja vart feitare, skuldast i stor grad fleire eingongseffektar.

— Me hadde ein salsgevinst med Sogn og Fjordane energiverk. Samstundes er det ein del pensjonskostnadar som har gått rette vegen for oss. Med desse effektane vart totaltresultatet betre, seier Neteland.

Melkeku med uvisse spener

FIBER: - Me merkar god vekst innanfor telekomverksemda, både innan fiber- og breibandsal, seier konsernsjef Atle Neteland.
Bjørn Erik larsen (arkiv)

BKK har i ei årrekkje pumpa ut milliardar til eigarane i form av ein progressiv utbytepolitikk. Mellom anna sit Bergen kommune på den nest største eigardelen, medan nabokommunar utgjer minoriteta (sjå fakta).Berre i fjor kravde eigarane 800 millionar kroner og måtte eta av eigenkapitalen for å dekkja kravet. Det same kan vera tilfelle i år, gitt at dei vil ha like mykje av kaka.

Neteland ønskjer ikkje å spekulera i kva slags utbyte eigarane kan sjå føre seg i år.

— Det er ein ting som styret skal ta stilling til når resultatet endeleg skal framleggjast og vedteke på generalforsamlinga. Difor har eg inga kommentar til det no.