Med Michelets avgang er talet på kvinnelege toppsjefar i selskap på Oslo Børs redusert frå fire til tre.

I spissen for styret som skiftar ut Michelet står Ole-Eirik Lerøy, tidlegare konsernsjef og storeigar i Lerøy Seafood Group. Han vart styreleiar i Marine Harvest etter at han selde seg ut av Lerøy Seafood Group hausten 2008.

Den kortfatta børsmeldinga i dag fortel ikkje meir enn at styret i Marine Harvest og Michelet er blitt samde om at ho går av.

I børsmeldinga grunngjev Lerøy ikkje kvifor Michelet blir skifta ut, men seier at ho let etter seg eit svært lønsamt konsern som er blitt monaleg finansielt sterkare enn det var då ho tok over for to år sidan.