Høgare laksepris enn i fjor er årsaka. Selskapet spår høge prisar i fleire år framover. Grunngjevinga for spådommen er reduksjonen i lakseproduksjonen i verda i år, og berre svak vekst i produksjon dei næraste åra.

Driftsinntektene auka frå 5,3 milliardar kroner pr. tredje kvartal i fjor til 6,3 milliardar kroner i same periode i år.