Helge Singelstad går av for å bli arbeidande styreleiar.

Singelstad blir også administrerande direktør i Møgsterfamilien sitt holdingselskap, Laco, som direkte og indirekte er storeigar i tre børsnoterte selskap, fiskeriselskapet Austevoll Seafood, oppdrettsselskapet Lerøy Seafood Group og offshorereiarlaget DOF.

Omrokeringane er utløyst av at Ole Rasmus Møgster trekkjer seg som styreleiar i Lerøy Seafood Group på grunn av sjukdom. Singelstad seier omrokeringa er eit varig løysing som har vore diskutert ei stund, men er framskunda av Ole Rasmus Møgster si sjukmelding.

Alf-Helge Aarskog er utdanna ved Norges Landbrukshøgskole med akvakultur som spesiale og har arbeidd i Lerøy Seafood Group sidan 2004.