20. juni i år skulle bore— og oljeserviceselskapet Petrolia betale attende eit lån på 344,5 millionar kroner. I dag, knappe to veker før fristen går ut, har långivarane gått med på å utsetje attendebetaling i tre år, til juni 2015. — Det gir oss ein føreseieleg sitauasjon og ei langsiktig finansiering, som det er viktig for oss å få på plass, seier administrerande direktør Kjetil Forland i Petrolia.

Unngår strid

Avtalen betyr og at Petrolia unngår striden med långivarane som tidlegare felte tre andre Larsen-selskap.

Etter ein høglydt diskusjon i Oslo byfogdembete 21. desember 2009 blei det siste av dei store riggselskapa Larsen hadde starta, PetroMENA, slått konkurs.

Frå før hadde PetroJack og Petroprod gått over ende i kjølvatnet av finanskrisa, etter at selskapa hadde misleghalde ei samla gjeld på rundt 8,5 milliardar kroner. Striden med obligasjonseigarane hadde vore hard og bitter, og i rettssalane har etterdønningane enno ikkje langt seg.

73 prosent av dei frammøtte långivarane på långivarmøtet i dag røysta ja til å forlengje lånet til Petrolia.

Vil kjøpe ut långivarane

Lånet er eit såkalla obligasjonslån. Ein obligasjon er eit langsiktig lån, der långivarane (også kalla obligasjonseigaren) gjerne er bedrifter eller rike privatpersonar, som går saman om å låne ut pengar til bedrifter, stat eller kommune. I Noreg forvaltar bedrifta Norsk Tillitsmann långivarane sine interesser, medan långivarane sjølve er anonyme.

Petrolia arbeider med eit tilbod om å kjøpe ut dei mindre långivarane. Blir tilbodet akseptert kan det ende med at Petrolia kjøper attende obligasjonar for 100 millionar kroner.